Rentenivået kan virke inn på etterspørselen etter hytter.(Arkivbilete) Foto: Olav J. Bøthun

Trur på raskare renteoppgang enn varsla

Det er grunn til å tru at Noregs Bank vil gjennomføre fire rentehevingar allereie i år, meiner DNBs sjeføkonom Kjersti Haugland.

I samband med budsjettkonferansen for statsbudsjettet for 2023 vektla finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) å unngå overoppheting av økonomien. Han la opp til at regjeringa vil komme med eit stramt budsjett for å unngå høgare inflasjon og behov for endå høgare rente.

Haugland i DNB markets seier til Dagens Næringsliv at signala regjeringa kjem med, er kloke.

– Beskjeden er heilt tydeleg: Vi vil ikkje risikere å bli ei regjering som bidrar til at Noregs Bank vil måtte stramme skikkeleg til og skru til renteskruen, seier ho.

Ho trur likevel at raskare renteheving enn varsla, ikkje er til å unngå. I desember antyda Noregs Banks rentebane tre hevingar i år, men Haugland trur det blir fire rentehevingar i år og to rentehevingar neste år.

– Anslaget vårt på 2 prosent innan sommaren neste år verkar rimeleg, seier ho.

Også sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken trur det blir fire rentehevingar i løpet av året. Til E24 sa han òg at reprising i marknaden indikerer at det kanskje er litt over 50 prosents sjanse for at det kan bli til saman fem rentehevingar i 2022.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Styringsrenta ligg i dag på 0,5 prosent.

(©NPK)