Kristin Myklatun og sambuaren Espen Braata saman med den eine dottera, Hedvig, på terrassen på Turufjell.

Det måtte bli Hallingdal

-Eg er frå Eidfjord og sambuaren min frå Hole. Når me skulle byggje oss hytte, måtte det bli på strekningen imellom dei punkta. Sidan me bur i Bærum, var det fint å slå seg til i nedre enden av dalen.

-Me køyrer opp på ein time og tre kvarter når det ikkje er kø, seier Synne Kristin Myklatun (48). Ho og sambuaren Espen Braata har to jenter, Alida (15) og Hedvig (11).

Hytta ligg på Turufjell, og vart teken i bruk i februar i år. Paret vurderte Nesbyen også, men dei fann ut at dei ville spare ein times køyring ved å velje Flå. Der hadde dei ei tomt på hand i Skarsdalen, men fordi det drog ut med klargjeringa av den, slo dei nokså spontant til der dei no har bygd, i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Me er veldig nøgde. Me gjorde grunnarbeidet og støypte sole sjølve, og sette bort resten. Opprinneleg plan var å flytte inn til jul 2021, men me måtte byte handverkar undervegs, så det vart til vinterferien i staden. Å engasjere lokale krefter gjorde susen!

Synne Kristin og Espen fekk handla inn det som skulle til for å få bygget til å reise seg. Dei slapp priseksplosjonen på trelast.

-Flaks! seier ho. -No står hytta der, så då er det uteområdet me skal gå laus på.

I sommar er det uteområdet som står for tur.

Ein fin plass

Tomta ligg inntil eit friområde, og førebels er det eit stykke til næraste nabo.

-Men det skal kome ei hytte imellom den som er nærast no, og hytta vår, fortel Synne Kristin.

Ho og resten av familien er veldig nøgd med plasseringa. Her er det skitrekk og skiløype like i nærleiken.

Hytta ligg høgt og fritt i fjellet i Flå.

-Me køyrer opp så snart vi har mogelegheit. I nokre helger går det ikkje, fordi jentene våre er opptekne med ymse aktivitetar dei er med på, men med den ganske korte reiseavstanden hender det at me tek halve helga på hytta. Den yngste jenta har allereie fått hyttevener, og ingen av jentene har lyst til å reise nedatt sundagskveldane. Eg trur dette blir ein viktig plass for dei også.

Ideen bak instagram-bileta

-Dette med bileta på Instagram var berre ei hobby-greie. Det var ein måte å fortelje familie og vener om framdrifta på dette prosjektet vårt. Å ha 500—600 følgjarar er vel ikkje noko å skryte av i denne samanhengen, men det er moro med kommentarar og spørsmål. Og så er det ein fin dokumentasjon for oss sjølve å sjå attende på. Me har på litt lengre sikt planar om å leige ut, og då kan det vere interessant å sjå for dei som leiger, korleis historia her har vore.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Kjem du til å fortsetje på Instagram etter at de har fått ferdig uteområdet?

Ja, det gjer eg. Me har ikkje kome så langt med interiørarbeidet enno, så eg kjem nok til å leggje ut bilete frå det òg, etter kvart som me bur oss inn, seier Synne Kristin Myklatun.

https://www.instagram.com/hytteliv_turufjell/

Moderne reintbrennande vedomn gir hygge og varme.
Det er open kjøkkenløysing.
Mykje kos i vente i ny hytte.
Frå bygginga. Hytta under oppføring med heisekran.