Fjellvatna skal ryddast for gamle plastvrak

Fjellstyra tek no ansvaret for å rydde bort gamle båtvrak og anna plastsøppel frå fjellvatna. Nedbryting og oppsmuldring av desse bidrar nemleg til utslepp av blant anna mikroplast.

– Fjellstyra ønskjer å bidra til å rydde fjellet for båtvrak og mikroplast, opplyser dagleg leiar i Norges Fjellstyresamband, Jan Borgnes i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom eit samarbeid med Norscan Partners AS har fjellstyra no fått tildelt 384.000 kroner frå Handelens Miljøfond til eit pilotprosjekt for å kartleggje og samle inn båtar i statsallmenningar forvalta av tre fjellstyre. Dette skal danne grunnlag for eit større ryddeprosjekt på statsallmenningane i Sør-Noreg.

Første steg vil vere å finne og identifisere båtane. Deretter må ein leite opp eigarane eller klassifisere båten som hittegods eller søppel. Uttransport vil i hovudsak gå føre seg med bil eller scooter frå veglause vatn.

Dei finst i dag ei handfull båtgjenvinnarar som fjellstyra skal samarbeide med og som tar imot båtane for gjenvinning og destruksjon. Båtane inneheld mange giftstoff, så på avfallsplassen blir dei rekna som farleg avfall og skal handterast deretter.

– Prosjektet med Fjellstyresambandet er spennande og viktig. Vi trur det er mange båtvrak og annan plast som ligg i fjellet, opplyser rådgivar Sveinar Kildal i Norscan Parners AS.

(©NPK)