Ove Thorshaug.

Han har vore med sidan dusjen gjekk på 12 volt

Hytta vår har runda 30 år. Bladet som vart starta av Ove Thorshaug, Terje Snare og Torbjørn Andersen har fått med seg dei heftigaste åra i utviklinga av Hallingdal som hytteområde.

Tidlege utgåver av bladet tok for seg korleis eit tomtekjøp kunne kronast med eigenprodusert søknad om byggeløyve. For vidarekomne gjekk det i Petter Smart løysingar for vatn og avløp. Ove Thorshaug har vore med helt fram til tida med hyttestyling og hyttebloggar.

Trudde du det kom til å bli slik?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Nei alder. Eg hadde mykje kontakt med Hallingdal Hytteservice den fyrste tida med bladet. Den gongen var det var berre nokre få av hyttene som var retteleg store. Me som arbeidde med bladet lurte då på kor mange som hadde råd til fritidshus i den største størrelsen, fortel Ove Thorshaug.

Han såg at det utvikla seg fort til mange store hytter frå alle leverandørar.

-Arva pengar, og gode lønningar, er vel stikkord når me ser på kor mange som kunne kjøpe seg gode hytter. Av folk som har ei moderat leilegheit i ein by, er det vel også ein del som har større hytte enn bustad.

Eksplosjon

Det har ofte vorte peika på at mange hytter blir lite brukt?

-Det gjeld ikkje alle. Ein hytteeigar eg snakka med fortalde om 800 gjestedøgn i året. Då rekna han inn heile familien. Det er jo bra. Vidare såg me at hyttebruken eksploderte under pandemien. Ovale helger med litt jobbing på hytta, vart erstatta av vekelange periodar på heimekontor i fjellet, seier Thorshaug.

27år

Han var medeigar og redaktør i Hytta Vår frå starten i 1992, fram til Hallingdølen kjøpte rettane til utgjevinga for tre år sidan.

Eit blad som kjem ut fire gonger i året krev langsiktig omtanke. Bilete til sommarnummeret må gjerne takast sommaren før. Ei utflukt, eller ein tur til fjells, skjer sjeldan utan tanke for bladet. Oftast kjem det eitt, eller fleire, bilete til seinare bruk ut av turen.

-Eg har nok vore innom dei fleste hytteområda i Hallingdal. Vidare har eg hatt kontakt med dei fleste av bedriftene som rettar seg mot hyttemarknaden, fortel Thorshaug.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lokalt

Han har heile tida vore klar på at bladet skal ha lokalt innhald. - Me som starta bladet konkurrerte aldri med dei nasjonale hyttemagasina. Det me ville prioritere var å skape kunnskap om, og interesse for, tilboda som finst i Hallingdal.

-Kva ser du for deg framover?

-Dei som jamleg har spådd at toppen er nådd, har bomma til no. Spørsmålet ligg der likevel. Blir det same velstand framover, eller kan me frå spøkelsesbyar i fjellet? Pandemien beit ikkje på hyttelivet. Den førte vel heller til at mange vart meir medvitne om kvaliteten som er knytt til fritid i Norge, seier Thorshaug.

Han peiker også på at auka energiprisar kan føre til endringar. Men ikkje berre i negativ lei. Dyrare reising kan radt føre til at folk blir lenger på hytta når dei fyrst dreg dit. Slikt er bra for bygdene.

Dei som kjenner Ove Thorshaug veit at han er kurant i muntleg. Når han oppsummerer dei 27 åra med Hytta Vår, blir det slik. -Eitt av dei fattigaste landa i Europa har vorte det rikaste, målt i kvadratmeter torvtak.