Våren er tida for enno ein gong setje forkus på horggormen.

Hoggormen kjem

Temperaturen stig om dagen, og det likar hoggormen like godt som oss menneske.

– Nokre tek sjansen på å gå ut or dvalen tidleg. Det kan betala seg, men for nokre endar det med døden om det blir kuldegrader. Enkelte har flaks og får dei beste territoria, fortel zoolog ved Naturhistorisk museum Petter Bøckmann til NRK.

Han snakkar om den einaste giftige slangen me har her til lands, hoggormen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bøckmann seier den varme vårsola gjev klarsignal til hoggormen at det er på tide å krypa fram mellom steinsprekkane for mellom anna finna mat og para seg. Det er i hovudsak snakk om vågale hanndyr som kryp ut fyrst. Hoene lèt venta på seg til dess temperaturen har stige litt høgare.

Og når hoene fyrst er ute, er høgsesongen i gang.

– Om ein ser éin, er det ofte fleire andre i nærleiken. Dei har ikkje rokke å spreia seg i terrenget enno.

2020 var eit varmt år og rekordmange blei bitne av hoggorm. Det er ikkje alltid han bit og gjev full giftdose. Eit hoggormbit kan derfor variera frå inga til alvorleg forgifting. Om ein blir biten, er det beste å ringa 113 med det same. (©NPK)