Kven fortener ein kulturlandskapspris?
I samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet deler Norsk Kulturarv kvart år ut Den nasjonale kulturlandskapsprisen. No vil dei ha inn nominasjonar til årets pris frå heile landet.
– Aktuelle kandidatar til prisen bidreg til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet. Det er eit viktig arbeid, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff. Ho sit i juryen for årets pris.
Prisen består av eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl, og dessutan 50.000 kroner løyvd av Landbruks- og matdepartementet.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Prisen bevisstgjer miljøverdiane i kulturlandskapet, og bidreg til å spreie kunnskap om dette og utfordringane knytt til kulturlandskapsverdiar i Noreg blant befolkninga, seier Hoff.
(©NPK)