Veghjelp: Veghjelp Foto: Bernt Ivar Bergum

Stadig fleire sjåførar treng veghjelp

I fjor auka talet på vegassistansar og bilbergingar med 20 prosent, viser tal frå forsikringsbransjen.

I fjor var det 251.653 veghjelp- og bilbergingsoppdrag dekt av forsikringa, viser tal frå bransjeorganisasjonen Finans Norge.

Det er ein auke på 43.225 oppdrag frå året før, opplyser If.

Punktering, flatt batteri, startvanskar, utelåsing og motorfeil er årsakene som utmerkte seg, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

(©NPK)