Osmund Ueland under bygginga av sykkelstien sist sommar.

-Stien er verd prisen!

Det er stiftinga HallingSpranget som står bak byggjinga av den lange stien. Omfattande bruk av heilkoptertransport fekk prisen opp i 20 millionar kroner.

Osmund Ueland, Initiativtakar til prosjektet «Nesfjella til sentrum», og styreleiar og frivillig prosjektleiar i HallingSpranget, er ikkje i tvil om at løypa vil gi gode ringverknader for Nesbyen. – Den har kosta 20 millionar kroner, men dette vil betale seg mange gonger på kort tid, meiner han.

-Det var sambuaren min, Randi Flesland, som fekk meg hit. Ho hadde hytte i Nesbyen. Her fekk eg som pensjonist lyst til å vere med på å utvikle eit samfunn som har stått stille i 30 år. Etter å ha vore engasjert i Nes Østmark som styreleiarfor Buvasstølan sti- og løypelag i fleire år, tok eg initiativ til og leia arbeidet med prosjektet «Nesfjella til Sentrum» i 2016.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Attraksjon

I februar 2017 kom ideen om å byggje denne stien som seinare fekk namnet HallingSpranget. Det var Ove Grøndahl og Knut Lønnqvist i Trailhead Nesbyen som sette fram ideen, og næringslivet i Nesfjellet tok initiativet til byggjinga. Nesbyen trengde ein turistattraksjon, og denne var retta mot familiar på tur til fots og på sykkel. Nesbyen ligg midt imellom to andre reisemål for familiar; Langedrag ved Tunhovdfjorden og Bjørneparken i Flå. Difor såg eg mogelegheiter for å skape ei opplevingspakke for vaksne og ungar på tur, seier ein begeistra Ueland.

-Stiftinga har fått mykje merksemd for utbyggingskostnadane?

-Ja, men tilbakemeldinga frå lokalsamfunnet har vore svært positiv. Dette er eit spleiselag der først og fremst Norsk Tipping, næringslivet og kommunen har vore med, og eg er viss på at aktiviteten stien utløyser, vil vere gull verd for Nesbyen.

Osmund Ueland la fram planane for sykkelstigen for om lag tre år sidan.

-Kan dette vere eit steg mot at det kan bli bygd ein gondolbane i Nesbyen i området der løypa går?

Gondolbane?

-Det hadde ikkje vore meg imot, men med prosjektet som no ligg der og er ferdig, gir eg meg etter fem år med gratisarbeid, smiler mannen som mellom anna har vore toppsjef i NSB. Eg er snart 75 år, og eg er djupt inne i eit tiltak mot fattigdom i Tanzania som eg no vil bruke tida mi på.

Men dersom andre krefter vil følgje opp med ein gondolbane, hastar det. Det er fleire stader i landet der dei planlegg gondolbanar, så her gjeld det å ikkje kome bakpå. Eg ynskjer dei som måtte ta stafettpinnen vidare, lukke til, men eg meiner det eventuelt må takast ei avgjerd om ei slik bygging i år eller neste år, seier Osmund Ueland.