Arkivbilete frå Leveld kunstnartun. Foto: Embrik Luksengard

Vil ha kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2022

Norsk kulturarv vil gjerne ha forslag til kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2022.

Kulturlandskapet i jordbruket, og særleg det landskapet som er basert på tidlegare driftsformer, spelar ein viktig rolle for bevaring av kulturminne og det biologiske mangfaldet, skriv Landbruks- og matdepartementet.

Dei oppfordrar til å sende inn nominasjonar til årets kulturlandskapspris til Norsk Kulturarv.

Målet med prisen er å gjere allmenheita medviten på utfordringar rundt kulturlandskapsverdiar, auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet og å stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel.

Fristen for å nominere er 1. mai.