Tette band: Tuva Thorson har sterke relasjonar med dyra på Langedrag.

Ærefrykt for livet

Naturen er vår beste læremeister. Det er filosofien til Langedrag Naturpark. Difor er sommaren tettpakka med leirar der klasserommet er naturen, og dyra er lærarar.

Tekst og foto; Bjarne Tormodsgard

Grunnleggaren Edvin K. Thorson såg det for godt 40 år sidan då han bygde opp Langedrag naturpark. Dottera Tuva vidareførte ideane då ho tok over i 2000. No er barnebarnet Maria sentral i drifta på Langedrag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Formidlingsarena

Langedrag Naturpark er ein formidlingsarena. Ein formidlingsarena som tek barn, unge og vaksne med på unike opplevingar tett på dyr og natur. Opplevingar som utløyser undring. Kunnskap. Respekt for naturen og alt levande liv. Som hjelper oss å forstå det økologiske samspelet.

350 dyr

På tunet møter du husdyr som går fritt rundt. Kyr, grisar, geiter, hestar, sauer, kaninar. I naturparken kan du studere ville dyr som ulv, gaupe, fjellrev, villsvin, elg, yak og reinsdyr for å nemne nokre. Her er 350 dyr fordelt på heile 25 artar.

-Ærefrykt for livet betyr mykje for oss. Det er det me prøver å formidle til alle som kjem til Langedrag. I neste omgang kan det bidra til at me blir flinkare til å ta vare på naturen og alt levande liv, understrekar Tuva Thorson.

TV-serie

Kvar einaste sommar besøker titusenvis av turistar naturparken i Tunhovd. Slik har det vore sidan starten i 1978, då Edvin Thorson og kona Eva stengde dørene i Oslo, flytta til fjells og bygde opp Langedrag Naturpark. Sjølv under fjorårets koronaår hadde Tuva og Maria 60 000 besøkande. Rekorden er 90 000. Frå 2001 då det norske folk sat klistra til TV-skjermen for å sjå dokumentarserien «Vi på Langedrag».

Hund og friluftsliv

Men Langedrag er ikkje berre attraktiv for dagsturistar. Også leirane er populære. I år kan Tuva og Marie by på ein nyheit; hund og friluftsliv-leir for barn og unge.

-Her kan du vere med på ei rekke morosame friluftslivaktivitetar saman med nokre av hundane våre. Padling, fisking, fjellturar, overnatting i gapahuk, besøk hjå tamme og ville dyr og sjølvsagt stell av hundar for å nemne litt av opplegget, fortel Tuva og legg til;

-Alle hundar kjem frå ulven. Deltakarane får difor også lære samanhengen mellom ulv og hund samstundes som dei får oppleve ulven på nært hald.

Det er lagt opp til to hund- og friluftslivleirar denne sommaren. Aldersgrensa er ni år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire å velje mellom

Det heile starta i 1980. Med rideleirar. Desse er framleis svært populære og på det næraste fullteikna. Også familieleirane er etterspurt. Det same er besteforeldre- og barnebarn-leiren, og dyr – og friluftslivleiren. Alt i alt blir det avvikla 11 leiarar i løpet av sommaren. Og mange av deltakarane kjem att år etter år. Somme har vore her 16 år på rad.

Dannelsesreise

-Leirane er ei dannelsesreise. Samstundes gir dei deltakarane pause frå ein travel kvardag. Frå mobiltelefonen, pc-en og TV-skjermen. Her dyrkar me uteleiken, nærkontakten med dyr, og kunnskap om kultur og natur. Me «leikar» i lag – store og små, understrekar Tuva Thorson som er klar for storinnrykk også denne sommaren. I så fall vil du bli møtt med fleire spennande nyheiter, både når det gjeld dyr og aktivitetar.

Fakta/Langedrag Naturpark

N Fjellgard 1000 moh i Tunhovd, Nore og Uvdal kommune

N Bygd opp av Edvin K. Thorson og kona Eva i 1978

N Naturpark med rundt 350 dyr fordelt på 25 forskjellige artar

N Leirskole som kan huse over 80 elevar

N Tek imot gjester for overnatting og dagsbesøk heile året

N Tilbyr mange ulike leirar og aktivitetar året rundt som rideleir, hund- og friluftsleir, dyr- og friluftsleir, familieleir samt besteforeldre og barnebarn-leir

N Dagleg leiar Tuva Thorson

Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A
Langedrag: N/A