Asle Kirkevoll har drive Geilo Hestesenter sidan 1978.

Cowboy utan pistol

Han har i seg litt av Marlboro Man, Clint Eastwood, John Wayne og Festus i TV-serien Kruttrøyk. Men fyrst og fremst er han seg sjølv. Geilos mest kjende cowboy — hestekar og Farmen-kjendis, Asle Kirkevoll.

Asle Kirkevoll gamle bilder: Asle Kirkevoll

Tekst: Bjarne Tormodsgard. Foto: Ragnar Hilde og Bjarne Tormodsgard

Hest har alltid vore ein viktig del av livet til Kirkevoll (63). Eitt og eit halvt år gamal sat han på hesteryggen for fyrste gong. Då han var tre år galopperte han på ein fjording opp jordet heime på garden på Geilo medan mor hylte og besvimte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sovna i krubba

Ikkje nok med det — Kirkevoll har til liks med ein kjent person frå bibelhistoria si eiga krubbeforteljing. Frå då han som treåring sovna i krubba i stallen heime på garden.

Det vart sett i gang leiteaksjon. Somme frykta han hadde drukna i bekken. Litt utpå dagen måtte far Ola fôre hestane. Han ensa ikkje Asle og breidde høy over treåringen i krubba. Hestane åt. Asle sov heilt til hestane hadde gnege av tinnknappane i jakka. Omsider vakna han. Godt utsoven og i godt humør. Oppstandelsen var stor då han kom ruslande ut på jordet. Vesleguten vart møtt med takksigelsar, korsing til høgare makter, klemming og tårer. Sett i ettertid er det truleg ein av få gonger Kirkevoll-folket har korsa seg. Iallfall fader Ola. Asle sjølv forstod ikkje så mykje av ståket. Han rusla attende til stallen og hestane.

- Eg har vel alltid vore ein liten cowboy, fastslår ein tenksam Asle Kirkevoll.
"På bordet venta alltid twistposen på meg, og brennevinsflaska på far"

Twist og brennevin hjå Reksten

-Far dreiv i mange år med hestetransport frå Geilo stasjon til hyttene rundt om på Geilo. Som smågut fekk eg vere med. Det vart mange artige turar. Ikkje minst turane til skipsreiar Hilmar Reksten og hytta hans i Timrehaugane. Dei stod høgt i kurs. På bordet venta alltid twistposen på meg, og brennevinsflaska på far. Medan eg stappa i meg twistsjokoladen, tømde far og skipsreiaren brennevinsflaska. Etterpå stabla eg far på føtene og fekk både han og hesten trygt heim, smiler Asle og minnest gamle tider.

Hovslagar

I dag sit Asle Kirkevoll som eigar av Geilo Hestesenter, den eldste hestebedrifta i Hallingdal. Skuta har han styrt sidan 1978 — ni år etter at far hans, broren og han sjølv opna senteret. Han hadde nett gjort seg ferdig med militæret kor han utdanna seg som hovslagar, som er hans formelle utdanning. Valet stod mellom å overta hestesenteret, eller dra ut i den store verda. Asle vart verande på Geilo.

Ei øykt på hesteryggen gjer godt for kropp og sjel, fastslår Asle Kirkevoll. Her saman med sambuar Solveig Ariane Danielsen og Michaela Meijers.

270 rideturar

Året etter, i 1979, starta han med rideturar på Hardangervidda. Åtte vekesturar kvar sommar. På det meste disponerte han over 80 hestar. Mellom anna leigde han inn fleire titals hestar frå Forsvaret. I 35 år held han på med desse vekesturane. Til saman vart det nærare 300 rideturar. Han kjenner Vidda nesten like godt som si eiga bukselomme. Kvar einaste stein. Bekk. Dalsøkk kor hestane og turdeltakarane kunne søke ly. Men alt har si tid.

-Eg fekk nok. Eg gjekk lei av å vera turleiar, hovslagar, kjentmann og psykolog. Å organisere rideturar med over 30 deltakarar åtte veker sommaren igjennom er krevjande. Og ansvarsfullt. No driv me med timesriding om sommaren medan kanefart er hovudaktiviteten vinterstid.

Sjølv ein cowboy kan bli trøytt etter lange dagar på Vidda.

Tomba og Kongen

På stallen står 20 hestar — 13 islandshestar til riding og sju dølahestar og schwarzwäldere som blir brukt til køyring. Sistnemnde er ein kaldblods arbeidshest som stammar frå Sør-Tyskland og som egnar seg ypparleg til kanefart. Kirkevoll har ikkje tal på kor mange turar det er vorte. Men det dreier seg om fleire tusen. Ofte med kjende personar. Alberto Tomba, Sissel Kyrkjebø, kong Harald, dronning Sonja, Dizzie Tunes, Ringo Starr, for å nemne nokre. Dei har alle sete i sluffa til Asle. Gjerne med «noggo attåt».

Heit siden han var smågut har Asle Kirkevoll vore fasinert av hestar.
"Han skjønte ingenting. Korkje av kyssing, eller sex. Men fri skulle han"

Italiensk sexbombe

-Også har de vorte mange friarturar. Fullmåne, snøtunge tre, aleine i skogen, lyden av dombjeller, sitjande under ein varm skinnfell i lag med den kjæraste du veit — det finst ikkje noko meir romantisk, fastslår Asle som også har måtta lære friarar å kysse. Mellom anna ein prestestudent.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Han var fullstendig hjelpelaus. Meir som ei "jomfru". Han skjønte ingenting. Korkje av kyssing, eller sex. Men fri skulle han. Og det under kanefart. Eg måtte ta han eit kurs i kyssing. Ja, me var vel ganske så raudleitte båe to etterpå. Men han lærde seg teken.

-Kvelden kom og eg var mildt sagt spent på dama. På korleis ho såg ut. Sant nok hadde eg ikkje dei største forhåpningane slik som gubben tedde seg, eller såg ut. Men tru meg — der kom den sexbomba!! Attpåtil italiensk!!! Etter ei stund kommanderte prestestudenten meg til å stoppe. Han gjekk ned på kne, fridde — og kyssa! Eit laaaangt kyss medan eg stod der som ein tomsing. Grøn av misunning. Ei tid seinare vart det giftarmål. I Italia. Eg skulle vore der, men måtte takke nei til invitasjonen.

Likar litt galskap

Og slik held det fram under intervjuet. Den eine historia tek den andre. Frå rideturar og kanefartar. Frå hestemiljøet som han kjenner ut og inn.

Asle er ikkje berre hestekar. Han er også ein historieforteljar av det sjeldne. Ein gjøglar og miljøskapar. Ein kar som også likar litt galskap. Som til dømes å stå på ryggen på to hestar i full galopp. Eller kome ridande inn med pistolen i handa før han dreg hesten opp på to føter i festsalen på Bardøla høyfjellshotell.

Asle Kirkevoll på ryggen på to hestar i full galopp.

Farmen-utfordrar

Nettopp miljøskaparen og gjøglaren førde han til årets sesong av TV-serien Farmen. Som utfordrar. Asle vart plukka ut blant nesten 7000 søkjarar.

-Knallmoro. Og lærerikt, seier Asle om TV-stuntet. Han såg for seg fem dagar på Farmen-garden Samsjø utanfor Ringerike. Det vart fem veker. Før han rauk ut etter tap i mjølkespann-halding.

-Eg var sjanselaus. Armane verkte som berre f….. Eg held i fem minuttar. Men vonde albogar og skuldrer etter å ha skodd fleire tusen hestar, sette meg ut av spel. Eg hadde nok skremt somme etter handbak-konkurransen. Der fekk dei "juling". Dermed ville dei ha meg ut. Men pyttsann — Per Gunvald Haugen var ein verdig vinnar. Og eg har fått vener for livet. Til vinteren blir det Farmen-samling på Geilo.

Asle er ikkje berre hestekar. Han er også ein historieforteljar av det sjeldne.

Fasinert av cowboykulturen

Asle Kirkevoll minner mest om ein cowboy der han sit henslengt i solveggen utanfor Geilo Hestesenter. Med cowboyhatten godt nedi panna, armane i kors og hunden Knerten sleikande i andletet. Berre pistolen manglar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så har han alltid vore fasinert av cowboykulturen. Heilt sidan han som 12-åring reid rundt på hest og gjette fleire hundre kviger i Geitvassdalen på Hardangervidda.

Knerten og Asle er gode vener. Og begge er glade i hestar.

Studietur til amishane

Men han har aldri vore i Ville Vesten. Derimot har han vore på studietur til amishane i Pennsylvania. For å lære om hestar, hestehald og hestereiskap. Mellom anna korleis pløye med fem hestar ved sida av kvarandre. Men religionen deira hadde ikkje cowboyen frå Geilo sans for. Kanskje ikkje så merkeleg, for amishane tilhøyrer ei svært konservativ kristen sekt som elskar Jesus, hatar homsar, heiar på Trump og lever slik dei gjorde på 1800-talet utan bil, straum eller data. — Litt for spesielt for meg, gliser Asle. Hjå amishane var det til og med forbode å bruke gummi på hjula på hestevognene …

"Hjå amishane var det til og med forbode å bruke gummi på hjula på hestevognene"

Ingen bokorm

- Eg er og har vel alltid vore ein liten cowboy, seier han tenksamt og rettar på hatten; — Fridomen, individualismen, naturen, samkvemmet med hesten — alt dette fasinerer meg. Difor likar eg også cowboy-filmar. Då studerer eg korleis dei rir, vognene og køyrekulturen, understrekar Asle før han kjem med ei avsløring;

- Eg har aldri lese cowboy-bøker. Ikkje ei einaste bok! Korkje cowboybok, eller andre bøker.