Desse gamle skifellane laga av slskinn fann Ola under stabburet heime på garden i Lio. Fellane brukte far hans som dreiv med vassmålingar av Flævatn fyrst på 1950-talet.

Fiksar nesten alt

— bortsett frå øydelagde ekteskap

Han er skomakar, bonde, avløysar, mekanikar, skogsarbeidar, snikkar, fellemakar, skiheisarbeidar. Men mest av alt er han Ola Fix.

Ola Lien fiksar det meste. Både hjå seg sjølv og for andre. Ikkje minst sko. Den nyleg "pensjonerte" bonden i Lio øvst i Hemsedal held liv i eit av våre eldste, men utdøyande handverksfag — skomakarfaget. "Skomakar, bli ved din leist”, heiter det i ordtaket. Ola Lien tek ordtaket på alvor.

Fleipen som vart alvor

Det starta med ein fleip. Under "telemark-boomen" midt på 1980-talet. Telemarkskøyring var det store for skiglade ungdomar. Behovet for å reparere øydelagde telemark-sko var stort. Samstundes var eg dritlei av å hekte t-krokar på baken på turistane i skiheisen. Skomakar-fleipen vart til alvor. Kjellaren i våningshuset på garden heime i Lio gjorde eg om til verkstad. Dermed var eg i gang, fortel Lien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I meir enn 30 år har Ola Lien reparert sko. Fyrst og fremst Telemark-sko.

Glade vanvidd

Mage trudde han hadde tørna. Å begynne som skomakar til fordel for sikker jobb i skiheisen og skipatruljen var det glade vanvidd. Men Lien trudde på satsinga.

Utstyr fekk han kjøpt for ein billeg penge rundt om i landet. Mellom anna kjøpte han ein brukt randsymaskin. Denne kosta som ny i 1968 60.000 kroner, eller tre Volvo Amazonar. Ola betalte 5000. Samla investeringar enda på 30.000 kroner. Ikkje ei krone måtte lånast. Og det som trengdest av utstyr elles og som han ikkje fekk kjøpt, laga han sjølv. Til og med gamle dyrlegesprøyter kom til nytte.

Rava rundt i limrus

Men skomakar-ferskingen i Lio gløymde ein ting — avsug i verkstaden. Kjellaren med halvmeter tjukke murveggar og eit lite vindauge øvst på eine veggen var reine rusfabrikken.

— Eg vart aldeles øren av limstanken. Etter nokre timars jobbing følte eg at eg svevde rundt i lokalet. Til og med nabobikkja som stod utanfor inngangsdøra, rava rundt i ein salig limrus. Men med litt mekking og ombygging vart det levande i verkstaden. Både for meg og bikkja. fortel Lien som på det meste hadde tre tilsette i arbeid.

Titusnar av sko

I meir enn 30 år har han reparert sko. Fyrst og fremst telemark-sko, men også fjellsko, vanleg fottøy, amerikanske boots og bunadssko. Me snakkar om fleire tusenar sko. Skandinavisk høyfjellsutstyr i Hemsedal var tidleg ein viktig kunde.

I tillegg hadde han avtalar med fleire hundre sportsbutikkar frå lengst i sør i til nørdst i nord. Pågangen vart etter kvart så stor at han måtte investere i datautstyr for å halde styr på ordretilgangen. Også polfararar og Grønlands-fararar har fått hjelp av Ola. Både til skisko og ikkje minst tekniske finessar til pulkane.

I mange år produserte Ola Lien også skifellar. Til saman har han produsert godt over 30 000 fellepar.

Autodidakt

Men fagbrev er det dårleg med. Lien er sjølvlært. — Eg er det ein kallar autodidakt. Ein autodidaktisk skomakar, fastslår han med ein liten flir.

Lærdomen har han henta frå nokre turar til Asolo-fabrikken i Italia, ein studietur til Amerika og nokre besøk hjå ein gamal skomakar på Gjøvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

— Skomakaryrket er eit triveleg arbeid. Ein er sin eigen herre. Ein styrer dagen som ein vil. Ein får lytta til radio. Dessutan høver det godt ved sida av gardsdrifta. Høgsesongen er vinterhalvåret då det er litt rolegare på garden, fortel Lien som også i mange år dreiv stort med produksjon av skifellar for Skandinavisk høyfjellsutstyr. Ein produksjon som bestod av å kappe til fellane. Setje på krok og gjere dei klare for sal. Til saman har han produsert godt over 30.000 fellepar.

Rett timing

Felleproduksjonen er det slutt på. Derimot vil han bruke meir tid i skomakarverkstaden etter at han og kona Tove nyleg overdrog garden med 28 mjølkekyr til eldstesonen.

— Skomakarjobben har halta litt siste tida. På grunn av oppgraderingar på garden og ting som måtte ordnast i samband med gardsoverdraginga. Men no startar eg for fullt att. Timinga er god. Folk er blitt meir miljøbevisste. Dei er meir opptekne av gjenbruk. Ein treng ikkje kaste skoa sjølv om solen har losna.

Kjepphest

Dermed er me ved ein av Liens mange kjepphestar — berekraft og forakt for bruk og kast-samfunnet.

— Det meste kan fiksast. Det gjeld ikkje berre sko. Det gjeld nesten alt i vårt forbrukarsamfunn. Personleg finn eg stor glede i å reparere ting folk flest meiner berre er å kaste. Eg fiksar nesten alt, bortsett frå øydelagde ekteskap. Der kjem eg til kort, gliser Ola Fix som også er kallenamnet hans blant vener og kjende.

Han er skomakar, bonde, avløysar, mekanikar, skogsarbeidar, snikkar, fellemakar, skiheisarbeidar. Men mest av alt er han Ola Fix.
Det meste kan fiksast. Også godt brukte sko, meiner Ola Lien.
Både polfararar og Grønlands-fararar har sendt helsing og takka for hjelp til skisko og ikkje minst tekniske finessar til pulkane.