På Golsfjellet får du mykje fritidsbustad for pengane, hevdar VG.

Full gass på Golsfjellet

På Golsfjellet får du mykje fritidsbustad for pengane. Det hevdar Verdens Gang. Torleif Kinneberg er einig. Han har kjøpt eigedomar for fleire titals millionar kroner og planlegg storstilte utbyggingar.

— Golsfjellet er ei "gøymd" perle, fastslår byggmeisteren og eigedomsutviklaren frå Gol i det me passerer gamleskulen i Åsgardane. Han har ingenting imot litt draghjelp frå landets største avis.

Familieprofil

Nyleg utropte VG Golsfjellet til eit av Norges 10 "hemmelege" hytteområde. Her kan ein gjere gode hyttekjøp. Iallfall om ein ikkje er avhengig av bratte alpinbakkar og "hotte" after-ski stader utanfor hyttedøra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

— Familieprofil, flotte løyper og stigar, eit godt utbygd sykkelnett, gode kommunikasjonar, solrikt — det er Golsfjellets styrke, fastslår Kinneberg.

Mange ballar

Han har alltid hatt mange ballar i lufta. Men no fleire enn vanleg. Det siste halvåret har han tråkka skikkeleg på gasspedalen.

Fyrst kjøpte han Solseter Fjellstue ved inngangsporten til Golsfjellet. Eigedomen består av pensjonatbygg, åtte dobbelthytter og litt tomteareal. Førebels nyttar Kinneberg bygga brukt til å huse arbeidsfolk, men planane for eigedomen begynner å ta form.

Etter Solseter-kjøpet kasta han augo på Ørterstølen. Her har han kjøpt 17 mål. Tomteområdet ligg på båe sider av vegen. Byggeplanane omfattar 20 til 30 dobbelthytter med carport imellom. Salet av hyttene har alt begynt.

Neste på lista var Golsfjellet Appartement, også kjent som Glomsrud. Overdraginga skjedde ved årsskiftet. I tillegg til leilegheitshotellet omfattar kjøpet ei 30 mål stor tomt. Heile leilegheitsbygget skal totalrenoverast. Ferdig ombygd kan det bli 50 til 60 einingar av ulik storleik og til ulik pris. I tillegg har Kinneberg store utbyggingsplanar for nabotomta.

Og som ikkje det var nok — nyleg kjøpte han eit unikt tomteområde inntil Røde Kors-hytta på Kamben. Her planlegg han seks til åtte luksushytter i øvre prisklasse.

Arbeidet med totalrenovering av det gamle leilegheitsbygget på Glomsrud pågår for fullt.

Posisjonering

Eigaren av Kinneberg bygg og brannsikring AS er i ferd med å posisjonere seg på Golsfjellet. Gjennom ei storstilt utbygginga av leilegheiter og hytter. Me snakkar om opp mot 250 leilegheiter og hytter. Men Kinneberg har ikkje hastverk. Marknaden bestemmer tempoet i utbyggingane. Men det ser lyst ut, vedgår han.

— Golsfjellet har stort potensial. Også er eg golingspatriot. Difor ynskjer eg å utvikle dette fjellområdet — saman med dei andre aktørane på Golsfjellet. Samarbeid er viktig. Me må ikkje gå kvarandre i næringa, understrekar Kinneberg og legg til;

Artikkelen fortsetter under annonsen.

— Utbygging på Golsfjellet gagnar heile Gol-samfunnet. Det blir meir trafikk i sentrum. Meir handel. Fleire arbeidsplassar og større skatteinntekter for kommunen.

— Er du i ferd med å bli den nye "eigedomskongen" på Golsfjellet?

— Nei, langt ifrå, kjem det kontant. Me er mange aktørar som saman, og kvar for oss jobbar for å utvikle Golsfjellet. Men eg er plaga med at eg får så mange idear. Spesielt når eg køyrer bil. Også likar eg å skape ting. Og at ting skjer raskt.

Torleif Kinneberg har kjøpt Golsfjellet Apartment, også kjent som Glomsrud. Kjøpet omfattar også ei 30 mål stor tomt.

Måtte ha ny nyre

At det svingar rundt Kinneberg, kan alle som kjenner han skrive under på. Det har det alltid gjort. Det gjorde det også då han måtte ha dialyse seks dagar i veka. Parallelt med dialysen jobba han for fullt på pc-en samstundes som han trena på sengesykkelen. Slik held han på i halvanna år medan han venta på ny nyre. 23. mars i fjor kom gladmeldinga. Kinneberg måtte innfinne seg på Rikshospitalet innan tre timar. Neste morgon låg han på operasjonsbenken. Dialyseøyktene på Hallingdal sjukestugu er historie.

— Eg er i kjempeform. Har fått masse energi. Ja, det boblar nesten over, gliser han.

Mange telefonar

I tillegg til turistsatsinga på Golsfjellet har Kinneberg bygg og brannsikring som han eig 100 prosent, ei rekke byggeoppdrag rundt om i Hallingdal i tillegg til eigne prosjekt i Gol sentrum. Og det aller meste styrer Kinneberg aleine.

— Det blir mest effektivt slik, fastslår han i det det kimar i telefonen att. 100 til 150 telefonar om dagen er ikkje uvanleg.

Med 45 tilsette er Kinneberg bygg og brannsikring også eit av dei største byggefirma i Hallingdal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

— Det betyr at me kan vere fleksible. Me kan ta på oss store byggeoppdrag. Samstundes kan eg sjonglere med arbeidsstokken og nytte deler av den til eigne prosjekt i rolege periodar. Det er det eg gjer her på Golsfjellet.

Ved Ørterstølen har Torleif Kinneberg kjøpt eit 17 mål stort område på båe sider av vegen.

Aktivitetstilbod

— Men toler Golsfjellet meir turistutbygging?

— Ja. Her er rikeleg med areal. Både til utbygging og til friluftsaktivitetar. Men me som utbyggjarar har ei utfordring. Me må legge betre til rette og utvikle nye aktivitetstilbod. Tisleifjorden er eit godt døme. Her kan det gjerast mykje. Både sommar og vinter. Men då må alle samarbeide. Me må gjere Golsfjellet endå meir attraktivt. For konkurransen mellom fjellområda er knallhard, fastslår Kinneberg før han avsluttar;

— Det VG-oppslaget visste eg ikkje om før du fortalde meg det. Kjekt med litt draghjelp frå hovudstadspressa.

Kinneberg har også planar for å utvikle Solseter Fjellstue.