Dei frivillige organisasjonane etterlyser pengar til fleire nødterminalar til hjelpekorpsa.Foto: Ned Alley / NTB / NPK

Hjelpekorpsa har ikkje råd til nødnettsamband

Hjelpeorganisasjonane er ofte avhengige av kontakt med nødetatane når dei rykkjer ut for å redde folk, men no har dei ikkje råd til alle nødnett-terminalane som trengst.

Dei frivillige organisasjonane, mellom andre Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp Sanitet og Norske Redningshunder, har ein del slike walkietalkie-liknande terminalar, men langt frå mange nok. Berre halvparten av dei rundt 10.000 personane i Noreg som er med på slikt arbeid, har tilgang til slike nødapparat, ifølgje paraplyorganisasjonen Forf. Då er det også vanskeleg for nye frivillige å bli med.

Dagleg leiar Bente Asphaug i Frivilliges organisasjoners redningsfaglige forum (Forf) meiner staten bør hjelpe til og betale for nye terminalar og abonnement.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er snakk om totalt 22 millionar kroner i året. I den store samanhengen er dette lite pengar, men det betyr veldig mykje for oss, seier Asphaug til NRK.

Då det nye nødnettet vart oppretta i 2015, fekk også hjelpeorganisasjonane tildelt terminalar, og staten skulle betale abonnementa. Men om organisasjonane vil skaffe seg fleire nye terminalar, må dei derimot dekkje utgiftene sjølve.

Statssekretær Hans Petter Aasen (Sp) i Justis- og beredskapsdepartementet seier til NRK at dei frivillige er ein berebjelke i beredskapsarbeidet i Noreg, men kan ikkje love pengar til dette no.

– Når det gjeld dekning av kostnadane, så er dette eit budsjettspørsmål, som regjeringa vil komme tilbake til gjennom dei årlege budsjettrundane, seier Aasen.

(©NPK)