Det er no svært turt austafjells og Brannvernforeningen minner om det generelle bålforbodet som gjeld frå 15 april.

Hugs bålforbodet

Fredag 15. april vart det innført generelt bålforbod.

Bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september, skriv Brannvernforeningen i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I perioden er det normalt å ikkje tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner og open eld i skog og utmark utan tillating frå kommunen.

Det er likevel tillate å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk Brannvernforening.

– Men vi oppfordrar alle til å vere ekstra forsiktige særleg i område der det har vore lite nedbør. Om ein er usikker bør ein ta kontakt med lokalt brannvesen. (©NPK)