Hytter i toppen av Uvdal skisenter med utsikt mot heisanlegget på andre sida av dalen, mot Vasstulan.

Hytteeigarar kan få skattesmell: – Svært negativt, dette åtvarar me mot

Alle hytter her i landet skal no få ny verdivurdering. Det kan føre til skatteskjerping for mange hytteeigarar.

Finansdepartementet har sendt eit nytt forslag til verdivurdering av hytter på høyring, og fleire åtvarar i høyringsrunden om at det vil innebere ei klar skatteskjerping.

– Dette meiner me vil vere svært negativt og noko me åtvarar kraftig imot, skriv Huseiernes Landsforbund i høyringssvaret sitt, ifølgje E24. Også Norsk Eiendomsmeglerforbund er bekymra for at skatten vil auke for mange hytteeigarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hyttene vil bli vurdert etter ei rekkje kriterium. Dei viktigaste er bruksareal, byggjeår, talet på hytter i nærområde og avstand til sjø.

– Generelt vil formuesverdien vere mest undervurdert for hytter som har auka meir i marknadsverdi enn gjennomsnittet for landet. Det kan for eksempel gjelde eldre hytter med strandlinje i pressområde, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Kristofer Olai Ravn Stavseng i Finansdepartementet.

Departementet vil innføre det nye systemet frå og med inntektsåret 2024, men fleire instansar åtvarar om at det er for tidleg. (©NPK)