Planovergangen på Vangen i Ål.

Ver merksam på planovergangane

Mange skal ut på vegane med store køyretøy dei ikkje er vande til i sommar. Bane Nor ber folk om å vere varsame når dei kryssar jernbanen.

Pål Buset, som jobbar med haldningsskapande arbeid i Bane Nor, fryktar at det kan smelle på planovergangane i sommar. Det er mange som ikkje tenkjer over kva fare persontog, godstog og arbeidstog kan utgjere for ferierande på hjul.

– Toget kan verken bråbremse eller svinge unna. Det kjem fort, og nokre tog er nesten lydlause. Du må vere vaken og merksam når du skal krysse ein planovergang, seier Buset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å unngå ulykker ved planovergangane tilrår han å ha god sikt. Ein må heller ikkje bli ståande i kø midt i skjenegangen når bommane går ned, eller når toget kjem.

– I tillegg må du halde avstand til bilen framfor. Du må komme deg helt over sporområdet når det er klart, seier han.

Tidlegare denne veka mista ein vaksen og to barn livet i ei togpåkøyring ved Hässleholm i Skåne sør i Sverige. Eit tog køyrde på dei tre i ein fart på 180 kilometer i timen.

(©NPK)