Pål Knutsson Medhus ser for seg eit underjordisk parkeringshus med fleire funksjonar på Geilo.

Vil bygge underjordisk parkeringshus

Eit underjordisk parkeringshus ved Geilojordet er det einaste som kan løyse parkeringsproblema i Geilo sentrum. Kommunen må på banen.

Tidlegare turistsjef i Hol, Pål Knutsson Medhus, er utolmodig. Det har han også all grunn til. For nøyaktig 51 år sidan diskuterte kommunestyret parkeringsproblema i Geilo sentrum. 17000 kroner vart sett av til ein plan som skulle rydde opp i kaoset. Men problema er på ingen måte løyst. Iallfall ikkje ved høgtider og dei mest hektiske helgene i vintersesongen.

Etterlyser innspel

Så seint som i fjor sommar etterlyste kommunen gode idear for Geilojordet. Medhus meiner svaret ligg i dagen; eit 2—3 etasjars underjordisk parkeringshus med plass til 2—300 bilar og med eit grønt lokk og parkeringsområde på toppen. Ideen lanserte han for fire år sidan. Bortsett frå godord høyrde han ikkje meir. No er tida overmoden for å henta fram att utspelet, meiner den tidlegare turistsjefen som i dag er kurshaldar i Høve Støtt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleirbruks parkeringshus

— Eg utfordrar både kommunen og næringslivet. Ja, heile Geilo-samfunnet. Me må få ei grundig vurdering av prosjektet. Også av kva me skal fylle parkeringshuset og området rundt med. For her kan me dekke mange behov — dersom me er litt smarte. Eg vil ha eit fleirbruks parkeringshus, understrekar Medhus og listar opp den eine ideen etter den andre:

— Sykkelparkering, vaskehall for syklar, oppbevaringsboksar, leigebilutlevering, hyttebil-parkering, parkeringsområde for turbussar, kvilerom for turbussjåførar, ladestasjon for elbilar, korttidsparkering for bubilar.

Vertskapsrolle

— Som nasjonalparklandsby må Geilo ta ei sterkare vertskapsrolle. Det gjer ein med dette grepet. Dessutan — eit parkeringshus tett inntil sentrum kan få gjennomreisande bilistar og ikkje minst turistbussar til å stoppe. Det vil auke handelen. Færre bilar inne i sjølve sentrumsområdet bidreg også til eit meir miljøvennleg og trivelegare sentrum, seier Medhus som ser for seg ein underjordisk tunnel frå parkeringshuset og fram til Tunet Varehus. Dermed slepp ein å krysse riksveg 7.

Eit godt reknestykke

Nye store utbyggingsprosjekt i og rundt Geilo, og ikkje minst den planlagde gigantutbygginga i Vestlia tvingar fram gode parkeringsløysingar. Difor bør både kommuneadministrasjonen og kommunepolitikarane snarast ta tak i saka, understrekar Medhus. Han meiner også det vil vere mest naturleg at kommunen som tomteeigar står for utbygginga.

— Eg har ikkje rekna på kostnaden, men eg er rimeleg trygg på at kommunen vil kome godt ut av reknestykket. Det kan også vere andre finansieringsmodellar. Til dømes ein spleis mellom kommunen og private interesser. Eller at ein set bort heile prosjektet til private. Eg har ikkje sterke meiningar om nettopp dette. Poenget må vere å få på plass eit parkeringsknutepunkt for både bilar, bussar og syklar. Og det snarast råd, avsluttar Medhus.

Pål Medhus: N/A