Nærbutikk og servicesenter for 600 hytter på Myking
Myking Kolonial er nærbutikk, servicesenter og møtestad for over 600 hytter i nesningsfjellet. Anne Margrethe Syversen (77) har hatt butikken som heim og arbeidsplass i 60 år.
Kolonialbutikken på Myking har eksistert lenge. Svein Eidal som dreiv butikk i Rukkedalen, starta filial på Myking på slutten av 1940-talet.
60 år ved kassa
I 1962 var det generasjons- og eigarskifte. Då overtok Anne Marie og Sigve Syversen, barnebarnet til Svein Eidal, kolonialbutikken
Artikkelen fortsetter under annonsen.
— Me bygde hus ved den gamle butikken som låg like bortpå her. I 1977 bygde me ny butikk fordi me ikkje fekk byggje på den gamle, seier Anne Margrethe.
Det har gått 60 år sidan ho ekspederte fyrste kunden på Myking. Etter at Sigve gjekk bort for fire-fem år sidan og Anne Margrethe vart dårleg til beins, vart ho avhengig av hjelp frå døtrene.
— Held på så lenge eg kan
— Eg får veldig god hjelp av Marianne som er her kvar einaste dag. Også dei to andre døtrene mine og barnebarna er til god hjelp, seier ho.
— Trudde du Myking skulle bli heilårsheim og arbeidsplass resten av livet då du kom hit som 17-åring?
— Eg er frå Rukkedalen, har alltid likt meg godt her og visste at eg kom til å bli her lenge. Men at det vart så lenge, tenkte eg ikkje på. Eg kjem til å halde på så lenge eg har helse til det og håpar Marianne eller ei av dei andre jentene overtek. Uansett kven som overtek må Myking Kolonial fortsetja som heilårsbutikk. Det er ingen gullgruve, men me greier oss bra.
Setergrend vart hytteby
Det har skjedd ei enorm utvikling og utbygging frå Myking var ei setergrend med nokre få hytter til eit stort hytteområde. Medrekna hyttene på Grønhovd er det over 600 hytter som soknar til butikken. Hyttefolket er faste og trufaste kundar som set stor pris på både vertinna og butikken. Det er mange som har bygd hytte i område på grunn av nærbutikken og servicen.
— Me er glade i både Anne Margrethe og butikken. Det er alltid koseleg å koma inn her. Det er ein viktig grunn til at me vart fastbuande hyttegjester. Her får me det meste me treng og har kortare avstand til butikken her enn heime i Sande, seier ekteparet Solfrid og Knut Erik Vinje som er innom og tek fredagshandelen.
Kjenner dei fleste
Månadsskiftet oktober/november er ei stille tid. Likevel var det relativt stor fredagstrafikk då Hytta Vår var på besøk. I høgsesongane kokar det mellom reolane. Det hyggelege vertskapet og store og varierte vareutvalet er ei viktig årsak til at Myking har vorte eit populært hytteområde.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
— Eg kjenner dei fleste og er på fornamn med mange. Det blir stadig fleire som brukar hytta. Trafikken har auka kraftig siste åra, både i helgene og ikkje minst i feriane. For no har hyttefolket alle fasilitetar og minst like god plass på hytta som heime, seier Anne Margrethe.
— Unikt tilbod
— Eg er alltid innom butikken når eg er her. Det er kjekt å sleppe å reise to mil til sentrum for å handle. Her trivst eg veldig godt, med flott turterreng, butikk og god service, seier hytteeigar Jan Norvalls frå Follo medan Anne Margrethe slår inn handelen i kassa.
— Butikken og Anne Margrethe er ein institusjon og sentrum på Myking. Det er eit unikt tilbod så høgt til fjells. Dersom me vil ha butikk her, må me også bruke den. Det er opp til oss, seier Inger og Ole Sander Espegard og pakkar saman handelen.
Breitt varespekter
— Eg bur i Nesbyen, men er like mykje på hytta som heime, seier Borghild Høva og slår av ein prat med Anne Margrethe som har tatt ei kort pause i kaffikroken.
Nærbutikken på Myking har alt ein treng av daglegvarer. I tillegg har dei ei lang rekkje andre tenester.
— Me har alt frå ferskt brød og matvarer til skismurning, spiker, propangass og fiskekort. Det einaste me manglar er ferskt kjøt og fisk. Og postmannen kjem med post og aviser slik at dei som har omadressert posten kan hente han her, seier Anne Margrethe Syversen og set seg i kassa.
Pausa er over, fleire kundar ventar.