Geilo er kåra til landets beste skistad for tredje år på rad.

Tredje på rad i stor kåring: Dette er Norges beste skistad

Tre strake for Geilo. Nok ein gong er skibygda kåra som landets beste skistad.

Geilo tok heim sigeren i kåringa Norway’s Best Ski Resort både i 2019 og 2020.

– Dette er ein lagsiger, ikkje berre for oss, men for heile bygda og heile kommunen, seier dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Komplett destinasjon

Styreleiar i destinasjonsselskapet Visit Geilo, Roger Espeli, er ikkje mindre stolt.

– Utruleg artig og viser at Geilo utviklar seg i riktig retning. Tusen takk til alle som har stemt på oss.

Geilo var nominert i konkurranse med Hemsedal, Norefjell, Hafjell, Trysil og Hovden. I ei avrøysting har bransjen, agentar, turoperatørar og publikum stemt fram vinnaren.

Rett før helga fekk Geilo nyheita om sigeren. Då var det jubel i Visit Geilo. Espeli seier det er eitt hundre prosent innsats i alle ledd.

– Siste åra har det verkeleg losna for samarbeid og innsats frå våre mange bedrifter. Me held fram med å jobbe saman som ein komplett ski- og feriedestinasjon. Og det gjer me med kvalitet i alle ledd.

– Stor stas

Geilo hadde ikkje greidd dette utan alle fantastiske sambygdingar, seier Eikrehagen.

I alpinanlegga selskapet styrer er han stolt av innsatsen Team SkiGeilo har gjort i nok eit år med pandemi. Trass restriksjonar har dei jobba knallhardt kvar dag for å nå dei høge måla, seier Eikrehagen.

– Sesongen i fjor var knalltøff med ein pandemi og med restriksjonar, men me prøvde å gjere det beste ut av alle forhold. No kan me vere ekstra stolte av det me fekk til, og det er stor stas for oss å få denne prisen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.