Agnar Tenold stakk den 22 kilometer lange tunnelen frå Ustaoset mot Kleivi i 1962. 60 år etter var han tilbake saman med Jørgen og John Storhaug Filmprodusentane. Dei har laga dokumentaren «Det kvite gullet» om kraftutbygginga i Hallingdal. Bjarne Tormodsgard (t.h.) intervjua Tenold.

Folkeopplysning for hyttefolk og fastbuande

Kraftutbygginga på 1900-talet har tilført Hallingdal milliardar av kroner. Filmen om denne viktige historia er no sett av neste 2000.

Dette er den første lokale dokumentarfilmen som er laga om temaet. Kraftutbygginga i førre hundreår har sett preg på Hallingdal for all framtid.

– Godt å vere i mål, seier filmskaparane John og Jørgen Storhaug i Filmprodusentane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Historiske scoop

Med seg på laget har dei hatt tidlegare Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard. I tre år har dei arbeidd med dokumentaren. Dei første opptaka starta åtte dagar før koronapandemien braut laus for alvor i mars 2020. Seks timars opptak med Osvald Medhus i Hol var avgjerande.

Filmen varar i ein time og 40 minutt. Og for første gong blir kraftutbygginga, som starta i 1913 og vara til 1967, bretta ut på filmlerretet.

Unike filmklipp frå Oslo Lysverker, i dag Hafslund Eco, gir interessante innblikk i anleggsarbeidet og utbyggingane. Frå Hol- og Ål bygdearkiv har dei vorte fôra med bilete. Private arkiv er også brukt.

– Bygdearkiva har vore viktige. Me har funne historiske scoop, seier dei.

Pionerar

Filmen dreg dei historiske linjene frå Ål Kraftverk vart vedteke og bygd av kommunen i 1913 og 1914, til dei tre store utbyggingane Holsreguleringa, Hemsil og Uste-Nes. I tiåra frå rett før andre verdskrig og til Nes Kraftverk opna i 1967, vart Hallingdal bygd ut for kraftproduksjon.

– Det var ei enorm utbygging på så kort tid. Store dammar og tunnelar vart bygd med dei maskinene og tekniske hjelpemidla dei hadde, seier dei.

Bakgrunnen var at Oslo som skulle forsynast med straum, det var derfor Oslo kommune i si tid kjøpte fallrettane. I dag er den samla kraftproduksjonen i Hallingdal nok til straum til 240.000 husstandar.

Det var pionerarbeid, ingeniørkunst og knallhardt anleggsarbeid. 1500 var i arbeid på det meste i Hol, i underkant av 1000 på andre store anlegg. 14 omkom på anlegga og mange vart skadde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kraftutbygginga i Hallingdal danna skule for utbyggingar i landet elles, seier dei tre.

– Framsynte

Verdiane kraftutbygginga har skapt i dei seks kommunane, er nesten umogleg å talfeste. Eit lågt anslag er 11-13 milliardar kroner siste 70-80 åra. Men truleg kan det vere dobbelt så høgt. Det er då også derfor namnet på filmen er nettopp «Det kvite gullet».

Lokale strategar, som O.T. Ruud og ordførar Helgesen i Ål og Osvald Medhus i Hol, var avgjerande for at det vart mogleg.

– Eit slåande punkt, er kor mange framsynte politikarar og bygdefolk det har vore. Dei var samfunnsbyggarar, meiner Tormodsgard.

Derfor er filmen slik også ei innføring i kvifor kommunane kjempar så hardt for å behalde inntektene dei får for å ha stilt naturen til disposisjon. For skulane skal det også lagast eit eige undervisningsopplegg, men her manglar det enno noko finansiering.

– Historia er viktig. Og formidla på film, blir ho enklare tilgjengeleg for alle. Me har møtt velvilje hjå alle me har bede om hjelp. I Hafslund Eco har dørene vore opne. Heilt eineståande.

Filmskaparane håpar mange vil sjå filmen. For tilsette i hallingdalskommunane og lokalpolitikarar bør filmen vere obligatorisk.

– Det er ein historisk dokumentar. Rein og skjer folkeopplysning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.