Går inn for tenkepause

Naturvernforbundet og Noregs Hytteforbund meiner nedgang i hyttesalet opnar for såkalla planvask hjå kommunane.

Hytteutbygginga har auka dei siste ti åra, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. I 2011 blei det ferdigstilt 4021 hytter i Noreg. Dette auka til over 5000 i året frå 2015, og i 2022 blei det ferdigbygd 6690 hytter her i landet. Året før, i 2021, blei det sett i gang 7454 hytteutbyggingsprosjekt.

Utbygginga av nye hyttefelt er den største hindringa for at Noreg skal nå 30-prosentmålet i FNs naturavtale, meiner Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet. Avtalen blei signert av alle land i FN – utanom USA – i fjor. Målet er å verne 30 prosent av all natur på land innan 2030, men om Noreg skal klare det, må trenden med ukontrollert og massiv hytteutbygging snu.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ny kartlegging frå Norsk institutt for naturforsking for Sabima viser at «tomtereserven» av naturareal som er avsett til hyttebygging i kommunale arealplanar utgjer 987 kvadratkilometer. 160 av desse er i myr, 140 er på dyrka mark og 350 kvadratkilometer er i villreinområde. Det er umogleg å nå verken Noregs natur- eller klimaforpliktingar om alt dette blir bygd ut, seier Gulowsen til Nynorsk pressekontor.

Særleg stor er trusselen mot strandsone og tregrensa sør for Dovre.

– I områda opp til tregrensa er det lite skogsdrift og det har ikkje vore prega av utbygging før det har kome eit stort press dei siste 10–20 åra. Naturtypar som myr, gammalskog og villreinområde er særleg utsett. Denne utbygginga har skjedd utan nasjonal korrigering eller vurdering.

Det har aldri vore så høg byggjeaktivitet i Hytte-Noreg som i 2021. Tal frå SSB viser at det blei gitt 8762 igangsetjingsløyve til fritidsbygg det året. Det var ein auke på nesten 40 prosent samanlikna med året før.

Samtidig blei det omsett for 30 prosent færre fritidsbustadar i 2022 enn i 2021. Omsetninga var òg lågare i fjor enn året før pandemien.

Hyttelandsbyar

Trond Hagen, styreleiar i Noregs Hytteforbund seier auken i straumprisar og renteauke i 2022 er årsakene til nedgangen i hyttesal- og utbygging. Han ser ikkje på det som noko negativt.

– Den store hyttebygginga dei siste åra har gått ut over natur- og kulturlandskapet vårt. Samtidig mistar hytteeigarane det dei kjøpte hyttene for: naturen. Fleire hytteeigarar opplever at det blir bygd hyttelandsbyar med naboar vegg i vegg rundt seg

I ei meiningsmåling gjennomført av Norstat for NRK i ti kommunar med flest innlandshytter svarer 50 prosent av innbyggjarane at hyttebygginga bør avgrensast i åra framover. Samtidig meinte 82 prosent at hytteturistane samla sett bidreg positivt til kommunen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nødvendig planvask

Hagen meiner kommunar, som ser det er pengar å tene på hytteutbygging og hytteturistar, har skapt dei store hyttelandsbyane med nedbygging av viktig natur.

– Kommunane burde tenke meir over kva dei gjer. Det er avgrensa plass om vi skal ta vare på dyrelivet og kulturlandskapet vi har. Vi i forbundet meiner kommunane burde vere pålagde å opprette ei markagrense, der det ikkje skal vere lov å byggje ut hytter forbi den grensa, seier Hagen

Gulowsen i Naturvernforbundet meiner nedgang i hyttesalet gjer det mogeleg for kommunane å ta ein full gjennomgang av kommuneplanane, som blir kalla planvask.

– Hyttekulturen har vore ei viktig drivkraft for naturverninteressa i Noreg. Å ha tilgang til ei hytte, har gjort at fleire nordmenn føler tilknyting til naturen i sine område, men hyttekulturen har endra seg i tråd med at vi har blitt eit rikare samfunn. Hytta har gått frå å vere base for uteaktivitetar og uteforståing, til å bli ein luksusbustad på fjellet.

(©NPK)