Klar for avmarsj på firedagars tur etter ei god natts søvn i kuppelen: Gunn Lisebeth Haugesag og Gunnar H. Lie.

I vedfyrt kuppel på Tuva

Den kan minne om ein iglo. Konstruksjonen er eit aluminiumsskjelett trekt med duk og store, gjennomsiktige flater. Kuppelen ligg nokre meter unna Tuva turisthytte på Hardangervidda.

Den familieeigde turisthytta, som ligg i Hol kommune, har eit butilbod som er ulikt det meste av det fotturistane på vidda opplever.

– Planen vår var ein firedagarsmarsj frå Tuva til Kalhovd, via Heinseter, Rauhelleren og Mårbu, fortel ekteparet frå Porsgrunn, Gunn Lisebeth Haugesag (61) og Gunnar H. Lie (62).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Bestillingsrunden for denne juli-veka gjorde me tidleg i mai, men då me skulle sikre oss soveplassar på Tuva, var alle dei seks romma der allereie tinga bort. Denne sommaren hadde me valt vekk å ha telt i sekken, og gledde oss til å gå med lettare pakning. Det innebar overnatting i turisthytter. Men sovesal, det freista ikkje, fortel dei to.

Me prøvar noko nytt i tillegg til det tradisjonelle, seier verten på Tuva turisthytte, Sigbjørn Leirflåt.

Etterspurde senger

– Eg hadde eit kort i ermet, smiler verten, Sigbjørn Leirflåt. — Fyrste gong me hadde dette tilbodet, var for to år sidan. I fjor sommar vart det fullbooka kvar natt. Også i år har det vore mange som har budd der, spesielt i helgene, men akkurat denne natta då Gunn Lisebeth og Gunnar trengde tak over hovudet, var «domen» vår ledig. Eg gav dei ei kort innføring i kva dette var, og dei fann fort ut at dei ville koste på seg natta i den, seier Sigbjørn.

Me møter paret frå Porsgrunn ved middagsbordet i turisthytta, der eit tjuetals gjester har benka seg. For nokre er dette ei mellomlanding mellom to andre hytter, for andre er det målgang, eller start. Gunn Lisebeth og Gunnar skal ikkje gå nokon rundtur og kome attende hit, så dei har teke drosje frå Geilo til Skurdalen, og dei 15 kilometrane innover fjellet etter avkøyringa frå Fylkesveg 40. Så skal dei reise heim med buss når dei kjem fram til Kalhovd.

Ekteparet Gunn Lisebeth Haugesag og Gunnar H. Lie ser lyst på natta i kuppelen.

Godt førsteinntrykk

-Me tok oss ein tur bortover lendet her på Tuva for å sjå an korleis førsteetappen kan bli i morgon. Me har vore i mange andre fjellområde i Sør-Norge tidlegare, og sett bort på Hardangervidda. Tenkt at der er det ikkje så store høgdeskilnader som i mange andre område. Terrenget ser ut til å stemme med kartet, det passar oss flott, seier dei to.

Før dei gjekk denne minituren før middagen, var dei innom «kuppel-huset» og sette frå seg pakningane.

– Det var ein viss kontrast til sovesal, ja! Oppreidd dobbeltseng, gode madrassar, «vindauge» i taket og ut mot vidda, stolar og bord, teppe på golvet, ein god vedovn, og plass! Seks og ein halv meter i diameter, og mest tre og ein halv meter opp i kvelven! Kort veg til middag og frukost i hytta, og til toalettbygget. Det skal bli spennande å prøve, fortel dei

Natt over Tuva og kuppelen

Nytt innslag i tradisjonen

Sigbjørn og kona, Mailiza Flataaker Schindewolf, tok over drifta på Tuva i 2017. Ho er fjerde generasjons vertskap her. Det var ho som fann salsannonsen med det som den norske produsenten hadde funne eit engelsk ord for: «Arctic Dome». Arktisk kuppel.

– Me sette i gang å google, og fann ut at dette ville me prøve, seier Sigbjørn. Som nytt vertskap ville dei gjerne ha noko nytt å tilby, så våren 2020 vart byggesettet frakta til Tuva på snø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Me planerte, la isolasjonsplater i botnen og ein treplatting oppå. Skrudde saman konstruksjonen, sette han på plass, og drog duken over. I fjor bygde me ein tilpassa platting med små bein, og dette vart altså veldig populært.

No har dei bestilt to mindre einingar med diameter på fire og ein halv meter, og takhøgd som i eit bustadhus. Då vil dei sette alle tre kuplane etter kvarandre litt lenger ute på flata her. Dei har søkt om kommunal støtte til utbygginga, og Hol kommune har sagt at alt då må vere på plass i løpet av 2023. Planen er å ha dei nye einingane i bruk denne hausten.

Verten legg til at ein vidare plan er å laga «domane» låsbare, og at ein kan finne nøkkel i eit skåp med kode, slik at ein kan ordne seg sjølv utanom sesongen, når hytta ikkje er open.

– Fortener dette tilbodet karakteristikken «luksus»?

– Det meste av det me har utstyrt kuppelhuset med, er gjenbruksting, og ikkje glamour. Luksusnemninga høver truleg ikkje saman med det. Men at det er ein ganske komfortabel måte å sove på, trur eg me kan stå for. Som ganske nye drivarar ser me oss rundt etter nyskaping og forbetringar på mange område, seier verten Sigbjørn.

Ute er natta ned mot null. Inne gjer vedomnen romtemperatur.

God natt

– Eg låg i senga og såg to stjerner gjennom takvindauget, seier Gunn Lisebeth. -Men himmelen no midt i juli er såpass lys at ein ikkje får full opplevingseffekt av ei klår natt. Med mørke haustnetter kan det sikkert bli flott å liggje og sjå opp. Og eg sov godt. Denne komforten kan me nok ikkje vente oss på resten av turen, men det har me heller ikkje rekna med.

– Det var ei behageleg natt, medgir Gunnar. -Men det var berre to varmegrader, så me burde ha fyra opp i den kraftige omnen før me gjekk til middag. No vart me sitjande litt rundt han. før det vart godt og varmt. Etter kvart hadde me det flott der me sat i stolane, og las eit par timar i lyset frå dei solcelledrivne lampene.

– Var det noko som var skummelt eller utrygt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nei! Det bles såpass at me høyrde det ruska godt i kuppelen, men det gjekk ikkje ut over søvnen. Eg er kanskje ekstra oppteken av sikkerheit, noko eg har med meg frå jobben eg har hatt i Hydro. Når eg såg at «domen» har to inngangar, pluss brannsløkkingsutstyr og gassalarm, så fann eg at dette ville vera ei trygg oppleving, seier Gunnar H. Lie.

– No er me godt utkvilte, og klare for fire etappar på Hardangervidda, seier Gunn Lisebeth Haugesag, der paret står klare med sekkane på ryggen.

Ikkje berre utsikt. Det er oppsikt også!
Ekteparet Gunn Lisebeth Haugesag og Gunnar H. Lie fekk ei fin natt i kuppelen.