NAF meiner det må bli enklare å få erstatning for bilskader som skuldast dåleg veg.

Må bli enklare å få erstatning

40 prosent har opplevd å få skade på bilen som følgje av dårlege vegar. No meiner NAF det bør bli enklare å få erstatning når dette skjer.

Hol i vegen, sprekker og vegar som smuldrar opp er eit kjent syn kvar vår. Etter ein hard vinter mange stader i landet, kan det dukke opp nye skadar i vegnettet.

– Det bør bli enklare å få erstatning viss du får skadar på bilen på grunn av dårlege vegar, seier pressesjef i NAF Ingunn Handagard i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho meiner at det særleg er på fylkesvegane forfallet er stort.

– Dersom vegeigar må ta eit større ansvar for skadane som blir påført bilar, kan det vere med å bidra til auka innsats, seier Handagard.

NAF meiner at regelverket som blir praktisert i dag, er for strengt. Det er mange kriterium som skal vere oppfylte før det er vegeigar som står med ansvaret.

For å få erstatning ved skade av bil, gjeld mellom anna strenge krav til dokumentasjon om at vegeigar skal ha opptredd aktlaust, noko som gjer at bileigarar sjeldan vinn fram.

– Mange opplever å bli ein kasteball mellom styresmaktene som eig vegen, og entreprenøren som driv vedlikehaldet av vegen. Dårlege vegar der vegbana smuldrar opp er ikkje berre eit problem for framkjømda, men også for trafikktryggleiken. Derfor meiner vi ansvaret i større grad må bli lagt på vegeigarane, det vil seie kommune, fylkeskommune og staten, seier Handagard.

(©NPK)