Annechen Bahr Bugge var oppe ti over seks, og er ferdig med to timar med mjølking og stell i lag med Lars Hamarsbøen på stølen i Havsdalen i Hol. No står gjerding for tur, så alt er i orden og ungdyra kan lære kor dei skal vera.

Me må lære stølsliv frå dei som enno kan faget

- Det er knallhardt arbeid. Eg var veldig spent. Kyr er store dyr og læringskurva er bratt. Den første dagen var som å leva i ein spenningsroman, med alt som skjedde utanfor stølsbua

Det fortel Annechen Bahr Bugge. I fjor sommar var ho praktikant hjå Åse Liv og Lars Hamarsbøen, på stølen i Havsdalen i Hol. Her fekk matforskaren vera med på alt som høyrer til av arbeid – ikkje minst osteproduksjon i verdsklasse.

Heilfrelst på stølsmjølk

Ho var ein av totalt ti praktikantar som deltok på prosjektet «Stølsdrift i framtidas landbruk», som omfattar åtte aktive stølar i Hallingdal, Numedal og Sigdal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mjølkemaskina er Annechen Bahr Bugge meir skeptisk til. - At eg skal greie å mjølke åleine på slutten av veka er berre å gløyme, seier ho lurt.

Stølstradisjonen står i fare for å forsvinne. Det har kommunane i dalen tatt konsekvensen av, og rigga til ei praktikantordning der folk får kjenne på kva støling handlar om. Samtidig styrkar ein samhaldet mellom dei som enno driv.

- Folk vil ha norske produkt, men på same tid aukar importen. Både stølskultur og mjølk er spennande – ikkje minst er det berekraftig å nytte utmark. Tradisjonen er så rik, men den støvar ned. Ein tradisjon må bli fornya og forvalta. For det kan bety så mykje for bygder, forbrukarar og arbeidsplassar. Stølsmjølk må opp og fram, seier Annechen Bahr Bugge.

Udelt positivt – men talet går ned

Praktikantane deltek i den daglege drifta, og får vera med på stell, mjølking, gjerding, tilsyn på beite, og for nokon kinning av smør og ysting av ost.

- Tilbakemeldingane er rett og slett fantastiske. Ti engasjerte praktikantar fekk ei lærerik veke i fjellet, samstundes som dei som driv, fekk hjelp. Fleire av praktikantane fekk også jobb som stølshjelp då dei var ferdige, fortel dåverande prosjektleiar i Buskerud næringshage, Målfrid Toeneiet.

Hol kommune og Buskerud næringshage jobbar for å løfte stølsdrift i Hallingdal og Numedal. – Me håpar det er tidsnok, seier Håvard Holeplass, landbruksrådgjevar i Hol. Her i lag med Målfrid Toeneiet i næringshagen på stølsbesøk i Havsdalen i fjor sommar.

Initiativet kjem frå kommunane i Hallingdal og Numedal, med Hol som prosjekteigar, medan Hallingdal Næringshage leier prosjektet. Arbeidet er støtta gjennom fjellandbruksmidlar frå Statsforvaltar, og tilskot frå fylkeskommunen.

I fjor var det kring 75 stølar i drift i Viken, og 744 på landsbasis. Og sjølv om årets tal ikkje er heilt klare, reknar Håvard Holeplass, landbruksrådgjevar i Hol, at talet no er nede på 60 aktive stølar i Viken. Over halvparten av desse er i Hallingdal og Numedal.

- Personlege val gjer at tala endrar seg raskt frå eitt år til eitt anna. Om ingen nye tek over står me i fare for at støling blir borte. Me ser kor sårbart det er. Talet på aktive stølar går ned. Det er difor det blir satsa så tungt. Me håpar det er tidsnok, seier Holeplass.

Hol kommune og Buskerud næringshage jobbar for å løfte stølsdrift i Hallingdal og Numedal. – Me håpar det er tidsnok, seier Håvard Holeplass, landbruksrådgjevar i Hol. Her i lag med bonde Lars Hamarsbøen i Havsdalen i Hol, som set pris på ordninga. I fjor var dette ein av ti stølar i Hallingdal, som fekk hjelp av praktikantar.

Siste runde

Dette er siste sommaren for praktikantordninga. Før påske hadde 40 praktikantar og ti stølar i Gol, Nesbyen, Hemsedal og Sigdal meldt seg. Nina Iversen, som no leier prosjektet for næringshagen, har hatt jobben med å matche praktikant med støl - slik at partane får mest mogleg nytte av opphaldet. For praktikantane kjem frå heile Austlandet, og har ulik motivasjon for å vera med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nina Iversen er foretningsutvikler i Buskerud næringshage, som er prosjektleiar for stølsprosjektet.

– Mange har gode opplevingar frå stølsliv i oppveksten, eller vil ta del i den romantiske opplevinga andre snakkar om. Nokon er redd kyr - men vil gjerne prøve. Ein jobbar med programmering av dataspel, og vil lære om geitostproduksjon, mens ein søkjar er romanforfattar, og vil skrive om stølsliv. Stølane tek i mot ein til to praktikantar. Eg er nøgd om me får plassert 15 praktikantar rundt på stølar i sommar, seier Iversen.

Både Iversen og Holestøl håpar at Nasjonalt senter for fjellandbruk, som opnar i Valdres, blir arvtakaren for prosjektet – slik at funna kan leva vidare.

I tillegg vart stølskulturen på nyåret nominert til UNESCO-lista over immateriell kulturarv, etter intens jobbing både i Norge og Sverige. Slepp stølskulturen gjennom nålauget - vil innskrivinga på verdsarvlista skje i slutten av 2024.

- At stølskulturen no er nominert som ein viktig kulturarv gjer at prosjektet forpliktar, seier Iversen.