Lauvdalsbrea i Ål er eit av dei mange fjella som byr på utsikt til fjella i vêrmeldinga.

Turtips med utsikt til halve vêrmeldinga

Start frå nord og ta for deg den vestre halvdelen av kompasssirkelen. Då ser du Jotunheimen, Hemsedalsfjella, Hallingdalsfjella og Hardangervidda aust. Med andre ord halve vêrmeldinga for Sør-Norge.

Dette er utsikta frå fleire av dei mest besøkte fjelltur-måla i Hallingdal. Gromme fjell som Hallingskarvet, og Skogshorn står naturleg nok høgast på rankinglista dei fleste fjellglade har i hovudet. Men me bør vera så rettferdige at me legg til at mange av dei meir beskjedne, men godt plasserte, lågareliggande utsiktspunkta gir ei formidabel utsikt til fjella i synsranda.

Mange av toppane på Holsåsen, Torpo- og Votndalsåsen, Golsfjellet, i Nes og i Flå ligg dessutan i høveleg avstand for ein kveldstur. I tillegg er det lette turar, godt egna for familiar med dei yngste turgåarane i fylgjet

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Prestholtstien, Hallingskarvet

Prestholtstien til Hallingskarvet

Hallingskarvet er vegvisaren i Hallingdal. Sherpatrappa opp har blitt ein populær turattraksjon og skarvet er ein topptur du seint vil gløyme. Turen går frå Prestholtsetra og over Prestholtskaret til Skarvenden.

Totalstigninga er på 473 høgdemeter opp til 1705 meter over havet, og turen blir vurdert som middels krevjande. Det er 6,5 km og ein varigheit på omtrent tre timar. Trappa består av 2000 vel plasserte steintrinn, som ein nesten ikkje kan sjå før ein står i dei. Ein fabelaktig tur og eitt skue utan like.

Trappa opp mot Skogshorn. Storevatn og Tisleia i bakgrunnen.

Sherpastien til Skogshorn

Ein tur for dei meir erfarne med sine 833 høgdemeter opp til 1728 meter over havet. Sherpastien til Skogshorn er ein krevjande tur på 9,6 km, og ein må regne borti fire-fem timar på turen. Det er godt merka stiar, så ein finn lett fram her.

Turen opp frå Lykkja byr på majestetisk natur og ei fabelaktig utsikt, så den er vel verd å bruke fridagen på. Det er fantastiske handbygde steintrapper, bruer og steinlagde dreneringar som glir i takt med naturen og fleire fine rasteplassar der ein kan ta ein pust i bakken.

Eitt av dei mest besøkte og fotograferte fjella i Hemsedal, fortel Henriette Emdal Petersen frå Hemsedal Turistkontor.

Utsikt frå Åkrefjell med Tunhovdfjorden og Pålsbufjorden i bakgrunnen.

To toppar på ein tur

Åkrefjell på 1209 meter over havet og Trommenatten på 1176 meters høgd kan takast på ein og same turen.

Dette er ein spennande tur i langstrakt og opent terreng, med utsikt mot blant anna Hallingskarvet og Hemsedalsfjella. Denne turen tek borti fem timar å gå, og er ein rundtur på 14,5 km. Du startar opp ved Båtstjernlie på grusveg, så vidare over på fine stiar innover mot Åkrefjell. Her er det fint med ein pust i bakken før du tek turen vidare mot Trommenatten.

På denne turen får du i både pose og sekk, to flotte toppar. Når du kjem ned att til Nystølkroken kafe, er det perfekt med ein matbit eller ein is i sola.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå Høgevarde ser du heilt til Høiås i Halden

Opp på Høgevarde

Sommar som vinter, dette er ein heilårsattraksjon innan toppturar. Til fots eller med ski, liten eller stor. Dette er ein lett og fin tur, opp til 1459 meter over havet utan store anstrengelsar. Sett av to til tre timar, og start på den fem kilometer lange turen innover Høgevardes vakre naturomgivelsar.

Stien startar ved Fyrisjø i Flå, og når du er oppe på den spektakulære toppen, har du klatra 674 høgdemeter. Utsikta frå Høgevarde er den breiaste i Aust-Norge, nest etter Gaustatoppen. Her ser du blant anna Høgronden, Gjendealpene, Nautgardstinden, Hardangerjøkulen og Høyås i Halden, sistnemnde enn so lenge i same fylke som toppen du står på.

Utsikt frå Auenhaugen mot Skogshorn, Hemsedal og Lykkja.

Kosetur på Auenhaugen

Ein fantastisk tur som byr på eineståande natur og utsikt. Med 189 høgdemeters stigning og ein avstand på 1,8 km opp til 1119 meter over havet, blir den vurdert til å vera ein middels tur å gå.

Etter ein times tid til fots så kan du nyte eit flott skue over fjella i Hemsedal, Nesbyen og Hallingskarvet. Er du riktig så heldig med været, kan du skimte Bitihorn og rekka av «tenner» bakover i Jotunheimen ved Beitostølen også.

Det er greitt å starte frå fleire kantar av Golsfjellet, alt etter kor mykje du har av tid og krefter. Turen ned frå fjellet kan leggast i ulike rundturar. Alternativa er svært godt merka

Lauvdalsbrea sett frå Hengsen på Leveldåsen.

Mektig men overkommeleg

Turen opp til 1597 meter over havet blir vurdert som krevjande, der ein må rekne med litt lett klatring igjennom nokon bratte, og litt steinete område. Sett av oppimot tre-fire timar om du berre skal ta turen til topps og ned att til fjellvegen mellom Leveld og Hemsedal. Returen kan leggast rundt fjellet, dersom du ynskjer ein lengre tur.

Det er ein fin sti opp til fyrste platået. Derifrå må du følge terrenget opp til varden. Når du har kome deg til topps, har du klatra så mykje som 383 høgdemeter. Då kan du nyte ei unik panoramautsikt over vakre Hallingdal. Ikkje minst mot Reineskarvet på andre sida av fjellvegen mellom Leveld og Hemsedal. Dette skarvet er også er eit realt turmål.