Rafting Dagali er ei frisk og spennande oppleving.

Opplevelsar og levebrød

Rafting øvst i den 352 kilometer lange Numedalslågen. Dette er levebrød for dei tilsette i tre firma som også tilbyr andre spenstige opplevingar i Dagali.

Hovudaktiviteten er rafting på elva som endar si ferd i Larvik, og lokalt berre blir kalla Lågen. Sidan kan dei som tek turen til bygda mellom Geilo og Rødberg spe på med både motorsport, klatring juving og anna spennande.

-Kan du love at det går bra? Eg fekk spørsmålet eg av ei godt vaksen dame som skulle rafte for første gong, seier Elisabeth Kristiansen (51) i Dagaliopplevelser.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

To damer ved vårkåt elv: Serious Fun ved Marianne Moen (t.v.) og Dagaliopplevelser ved Elisabeth Kristiansen er to av tre aktørar i turistbransjen i Dagali. (Foto: HaraldReitan)

Firmaet er eitt av tre som kvart år byr tusenvis av folk opplevingar i denne bygda som tel under 200 menneske. -Og, ja, det kunne eg love. Sikkerheit på alle punkt er det viktigaste me driv med. Det har aldri skjedd noko her i Dagali, seier ho.

«Rutetider»

Dei tre bedriftene Serious Fun, Dagali Rafting og Dagali Fjellpark driv alle med rafteturisme og nyttar dermed den same strekninga av Lågen. Dei deler dagen imellom seg, og har faste tidspunkt for avgangane sine. Parallelt med elva går vegen inn til Ossjøen, og konvoien av gummiflåtar blir følgd nedover vassdraget av ein buss.

-Får nokon panikk, vil avbryte turen sin, eller la vere å sitje på gjennom dei tøffaste stryka, kan dei gå i land og vere med bussen eit stykke, eller heilt til mål, seier Elisabeth.

Juving i Dagali.
Gokart er eitt av tilboda i Dagali.