Ekorn-Larrys påskenøtter forsvinn på dramatisk vis i påskekrimmen på Tines mjølkekartongar. Foto: Tine

Påskekrim: Det går mot ein kriminelt god påske på kjøkkenet: Nye påskemysterium blir i år å finne både på mjølposar (privatdetektiven Ulf Ulvheim) og mjølkekartongar (med nye forfattarar), og det blir til og med ein versjon på nynorsk (på surmjølkkartongane). (NPK)

Tine opplevde eit enormt engasjement då dei droppa påskemysteriet på mjølkekartongane i fjor. Folket kravde påskekrimmen tilbake på frukostbordet, og i år lovar mjøølkekonsernet ny krim.

– Fjorårets folkeopprør er eit tydeleg bevis på at Tine og produkta våre betyr noko ekstra for folk. Så i år er vi tru mot fjellvitreglane og erkjenner at det faktisk ikkje er ei skam å snu, seier kommunikasjonsdirektør Ole Martin Buene i ei pressemelding.

For aller første gong kan nordmenn òg sikre seg ei nynorsk utgåve av påskekrimmen, heilt uavhengig av kvar dei bur i landet. Tines tradisjonsrike kulturmjølk blir ikledd ein nynorsk variant av den same påskekrimmen.

– Vi veit jo at mjølk smaker betre enn melk for dei som har nynorsk som skriftspråk. Så for mange snakkar vi her den ultimate vinn-vinn situasjon; både nynorsk krim og supergode påskevaflar med syrna mjølk, konstaterer Buene.

Det er eit heilt nytt radarpar, forfattar Bobbie Peers og illustratør Sandra Steffensen, som overtek stafettpinnen på mjølkekartongane i år. Stafettpinnen får dei frå Gunnar Staalesen og Arild Midthun, som har levert påskekrim til mjølkekartongane i ti år, men som i år tar med seg privatdetektiven Ulf Ulvheim over på mjølposane frå Møllerens.

I mysteriet «Gullskillingsbollen» på mjølposane er Ulf Ulheim på eit bakemeisterskap der den unike bollen, som sette standard for alle skillingsbollar, forsvinn. På mjølkekartongane handlar det om Ekorn-Larrys påskenøtter som har forsvunne på dramatisk vis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(©NPK)

På mjølposane blir det eit nytt påskemysterium med detektiven Ulf Ulvheim. Foto: Møllerens