Anne Berit Gunhildgard kan by på alt frå lappar, kvikaku, surystil, rumme og mjølkeprim frå stølen på Tormodset på Votndalsåsen i Ål. Hit kjem hyttenaboar og turfolk innom gjennom heile sommaren.

Rumme, prim og dylle heile sommaren

Ho kokar prim frå tidleg til seint: - Når fjøset er tatt, og kjelen er vaska, er det berre å legge seg, og gå på att om morgonen

Anne Berit Gunhildgard har kokt mjølkeprim på Tormodset i snart 30 år. Og kvar sommar står ho klar for å forvandle tusenvis av liter med stølsmjølk, til lokale tradisjonsprodukt til dei som kjem innom. – Ingenting er som å koma på stølen, seier ho.

Det er ikkje mange att som driv stølen, som ein naturleg del av gardslivet. Men for Anne Berit og Kåre Gunhildgard, som tok over garden i Votndalen i Ål i 1979, er årets høgdepunkt å buføre til fjells for ein heil sommar på Tormodset på Votndalsåsen. For så lenge det er vinter og kyr i fjøset på Gunhildgard, kjem dei seg ikkje så langt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så snart primen er kjølt ned deler Anne Berit Gunhildgard den opp i passelege emne, som blir slengt i bordplata for å bli kompakte og frie for luftrom, før ho rullar og formar osten til blokker.

-Berre det å få koma til fjells er toppen. For sjølv om det er mykje å gjere, er det noko eige med å vera på fjellet. Verste dagen er når eg må heim att frå Tormodset på seinsommaren, og må handle i butikken att. Eg kunne nok vore på stølen heile tida. Når eg og Kåre etter kvart sluttar med kyr – vil me nok framleis vere mykje på Tormodset, fortel Anne Berit.

Fryktar for tradisjonen

Her sel ho eigeprodusert rumme, prim og dylle. Ho har også nysteikte lappar, surystil og innimellom kvikaku. Men om du skal ha mykje, er det lurt å ringe på førehand.

Marknadsføringa omfattar også den tradisjonelle løysinga.

-Då legg me av – slik at du slepp køyre langt utan å få med deg det du kom for. Lappar lagar eg jo kvar dag – men salet går i rykk og napp, fortel ho.

Hit tek folk turen gjennom heile sommaren. Mange har aldri sett det bli koka prim på gamlemåten, men hugsar kanskje si eiga gommo drive på, eller kanskje har dei berre høyrt om tradisjonen. Det tykkjer Anne Berit er artig.

Ho kjenner berre ei til to kjerringar, som kokar prim på gamlemåten, og tykkjer det er leitt at tradisjonen og kulturarven er i ferd med å døy ut.

Stølskost er gromt. Kvar sommar brukar Anne Berit Gunhildgard tusenvis av liter med stølsmjølk for å lage tradisjonsprodukt frå Ål-fjella.

-Kvifor driv du framleis med dette?

-Eg tykkjer det er moro å drive tradisjonen vidare – for den forsvinn vel ut. Når min generasjon gir seg, så er det nok stopp. Me risikerer at folk ikkje får oppleva korleis det er å drive på stølen – då kan tradisjonane, som fylgjer med, lett hamne i gløymeboka. Så klart finst det eldsjeler, men eg veit ikkje om det er nok, seier ho.

Sjølvlært og tek ingen snarvegar

For det var ikkje opplagt at Anne Berit skulle gå i gang med primkoking. Men på Gunhildgard stod ein gamal primkjele frå generasjonen før. Dermed tok ho med seg ved og 20 liter mjølk for å prøve første gongen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Det gjekk greitt til det tok til å tjukne. Då brente det seg og vart øydelagt. Men eg prøvde att fleire gonger, og då gjekk det ikkje så gale. Det er noko med å lære mens ein driv på. For ein må jo feile litt også, fortel ho.

Primkjelen kan stå utan vakthald ei lita stund. Anne Berit kjenner det på seg når det er på tide å starte røringa.

Men tradisjonsdesserten dylle, smakte Anne Berit først på 1970-talet. For å lære seg å lage retten gjekk ho til ei nabokjerring. Begge produkta har stått på stølsmenyen sidan midten av 90-talet. Produkta er ferske og forsvinn fort, mens Anne Berit lagar meir på løpande band.

Men akkurat å lage til dylle, som er som ei tjukk suppe av karamellisert mjølk og risgraut, kallar ho ikkje arbeid, men latmannsliv. Den er populær blant gjestene, som kjem att gong på gong, etter å ha smakt første gong.

Driv på seint og tidleg

For sjølv om stølslivet kan virke idyllisk, legg Anne Berit på ingen måte skjul på at det også er arbeidsamt.

Så snart kyrne har fått morgonstell rundt klokka seks, set ho på mjølkekjelen for å lage prim. Den plar koke opp til klokka ni.

Når kyrne har fått morgonstell rundt klokka seks, er det tid for å setje på mjølkekjelen for å lage prim. Den plar koke opp til klokka ni.

-Eg kan drive med anna, og veit når det snart sluttar å koke. Det sit i skallen. Men så snart det tjuknar, må eg vera på plass både for å passe på fyring, og for å røre så det ikkje brenn seg.

-Kva kan gå gale?

-Legg eg innpå for mykje ved, kan det koke over. Det hender det kjem heilt opp til kanten, men det har aldri kokt over for meg, seier ho lurt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er heller ingen som får røre i kjelen. Anne Berit må vera på plass og gjere det sjølv, for å få det slik ho vil ha det.

Men jobben er på langt nær ferdig rundt middagstid. For når det er tid for å kjøle ned primen, må det også rørast. Elles blir sukkeret krystallisert, og det kjennest ut som det er sand i osten.

-Det er den seigaste jobben. For ein må røre primen til den er nesten kald. Kor lang tid det tek, er det vêret som bestemmer, forklarar ho.

Så snart primosten er kokt ned, går Anne Berit i gang med å kjøle ned osten ved å røre. Ho meiner også det må til for at ikkje primen skal sukre seg og bli knudrete. – Ikkje alle gjer det, men eg gjer det for å vera på den sikre sida, seier ho.

Derifrå har ho primen i ei bøtte, og ber den inn for å rulle ut til ostar i passelege storleikar. Det er den artigaste delen av prosessen for gardkjerringa.

Klokka 17 er det ny runde med fjøsstell. Då ligg ostane klare på brettet, og det står berre att å vaske kjelen, for å vera klar att til morgonen etter.

-Ein har ikkje mykje fri, men det er slik eg vil ha det. Eg likar å ha ting å drive med i fjellet, seier ho.

Her kjem Anne Berit Gunhildgard med kjelen som skal kjølast ned etter kokinga. – Dette er ein perfekt dag å lage prim på, for den friske brisen gjer at det er raskare å røre osten kald og klar til forming, forklarar gardskjerringa.
Siste del av prosessen byr på triveleg formingsarbeid.
Stølsidyll er ein del av tilbodet på Tormodset.