Tyrvefjøra rasteplass i Indre Ålvik i Hardanger liknar lite på dei du har sett tidlegare. Foto: Karen Jansen

Spenstig rasteplass i dagstur-avstand

Fredag 3. juni klipper Statens vegvesen snora til ein ny særeigen installasjon i turistvegfamilien. Det nye servicebygget langs fv. 79 er inspirert av omgjevnadene.

Med servicebygget sin særeigne og spesielle arkitektur har Helen & Hard arkitektar gitt rasteplassen i Indre Ålvik ny identitet. I tillegg til naturen på staden har arkitektane utforska geologien med sine sediment, sprekkar og foldar.

-Vi ønskte å understreke dei intime og nesten hemmelege kvalitetane til plassen ved å byggje toaletta som ein del av landskapet, fortel arkitekt Karen Jansen på Helen & Hard.

Furustammer

Resultatet er eit bygg beståande av tilverka furustammar og betong. Trestammane er henta frå området langs Hardangerfjorden. Dei to bygningskroppane under den felles takkonstruksjonen har eit standard toalett og eit HC-toalett, i tillegg til teknisk rom. Taket er ein betongkonstruksjon med tilslag av grus og rullesteinar.

Peder Nernæs på Horda Tre AS gjekk i gang med gravemaskin og godt mot etter å ha fått oppdraget:

Treolje

-Vi måtte ut i skogen og velte tre med maskin for å få opp den rette rota med riktig vinkel, fortel han. Etter reinsing, kløyving, vasking, tørking og impregnering sette ein saman modular av 4 — 5 stammar med festejern som vart heiste på plass og impregnerte på nytt med treolje.

Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad meiner det nye bygget er utradisjonelt, men òg delvis bygt med tradisjonelle og lokale materiale:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Møtet mellom modernitet og tradisjon er eit godt bilete på Ålvik. I Kvam lever og bur me i eventyrlege omgjevnader. Me likar å dele denne opplevinga med andre som er på veg gjennom kommunen, fortel ordføraren i Kvam.

Per Ritzler, mediekontakt Nasjonale turistvegar

Frå bygginga av Tyrvefjøra rasteplass. Foto: Harald Christian Eiken