Spennande stølsfestival på Geilo
28. — 30. juli blir det seminar for stølsinteresserte på Hammarsbøenstølen ved Geilo. Arrangørane vil hente fram att nokre av dei interessante tema som prosjektet «Levande stølar» tok for seg tidleg på 2000-talet.
-Tala har endra seg på 20 år, men resursutnytting ved bruk av støl og utmark kan framleis syne seg som eit godt alternativ til rein volumproduksjon, skriv Lars Hammarsbøen i ei pressemelding.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det blir korte foredrag både laurdag og sundag om ulike tema, knytt til bruk av stølsområde og utmark.
Laurdagen blir det også markvandring, leia av biologen Hanne Sickel. Ho har særdeles god kjennskap til øvre Hallingdal, som ho brukte som «case» til si doktoravhandling om utmarksbeitet.