Sykkel- og gangstien HallingSpranget startar luftig på Syningen 1109 meter over havet.

Svingande ferd ned frå fjellet

Er det nokon som har rekna kor mange svingar det er på den nye sykkel- og gangstien ned frå Nesfjellet, tru?

-Den som vil ta utfordringa og sykle ned dei 900 høgdemetrane, får ei flott oppleving. Det er moro at vi har fått dette flotte tilskotet til aktivitetstilbodet her i Nesbyen. Dette er eit flott familietilbod der ein med ungar kan bruke eit par timar på nedfarten. Men med alle utsiktspunkta kan det òg vere ei fin, roleg avslutning på ei treningsøkt for oss som konkurrerer nedover bakke på sykkel, seier nesningen Gry Svantesvold (35) som har vunne klassa si i downhill-NM dei tre siste åra.

HallingSpranget er ei løype som er gradert med blå farge, som vil seie at ho kan kallast ei familieløype.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slike løyper har fargekoder, slik som alpinløyper om vinteren har. Grønt er farga for dei lettaste, så kjem blå, raud, svart og dobbeltsvart. Denne løypa er 17 kilometer lang. Ho startar ved Syningen på Nesfjellet, 1109 meter over havet på vestsida av dalen, og endar i Nesbyen sentrum, om lag 950 høgdemeter lenger nede. Løypa skal vere den lengste i Norge, og ein av dei lengste, opparbeidde sykkelstiane i Nord-Europa. Det er elles ingen ting i vegen for at ein kan gjere dalbotnen til startpunkt, anten til fots eller på sykkelsetet.

Unna bakke, for det meste -Kan en til dømes berre setje utfor, og la bremsane vere det einaste ein treng å bruke på sykkelen heilt til botnen?

Om ein startar på toppen er faktisk ein tidel av turen ned til Nesbyen motbakke.

-Nei, ein tidel av løypa er motbakke, om ein startar på toppen. Då er det 70 høgdemeter med motbakke nesten øvst i traseen, og så er det 30 høgdemeter imot eit stykke lenger nede, seier Lars Storheim på Nesbyen turistkontor, og ein av dei som med dette tilbodet skal lokke turistane til bygda.

-Dette er ei løype der ein først og fremst treng grunnleggjande dugleik på sykkel. Det kan vere lurt å ha prøvd seg på litt kortare nedfartar først, ein må ha gode bremsar, og ein terrengsykkel med dempegaffel er er å føretrekkje. Det kan vere lurt å ta fleire pausar, og turen blir ekstra triveleg om ein har med seg niste ein kan kose seg med på rasteplassane. Dei som har med seg born på turen, gjer lurt i å tenkje at ein skal orke å halde i styret heilt ned.

Spektakulær nedfart Han fortel at svært mange av svingane er doserte, og morosame å køyre. Dei øvste fire kilometrane av løypa ligg for det meste på rundt 1000 meter. Der har ein utsikt i alle retningar. Deretter følgjer eit par kilometer med blanding av skog og snaufjell, der ein på fleire punkt kan sjå rett ned i dalen. Stien kryssar så den «gamle», merka turstien opp til Beia, der ein igjen kjem til fleire flotte utsiktspunkt rett over Nesbyen sentrum. Her er det open skog, fjellryggar med reinlav og mange plassar som er eigna til rast. Ned mot dalbotnen svingar stien seg forbi den nedlagde hoppbakken Storetoppen før han endar ved idrettshallen.

Mot slutten svingar stien seg dramatisk forbi hoppbakken i Storetoppen.

-Då kan det hende ein kjenner det i armane, seier Lars Storheim.

HallingSpranget vart «prøveopna» i haustferien sist haust, men arbeidet med å gjere løypa heilt ferdig heldt fram heilt til snøen kom. Den offisielle opninga er i sommar.

Gåande og syklande?

Slik løypa blir presentert på nettet, går det fram at HallingSpranget ikkje er noka racerløype. Dei utallige svingane, slik dei er utforma, gjer at farten på «nedover-syklistane» ikkje blir så høg. Og løypa er merka med dei oppmuntrande orda «Vær grei, si hei,» med illustrasjon av ein gåande og ein syklande som helsar på kvarandre, med føremål at det her skal vere plass for båe kategoriar turistar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Ein reknar med at folk tek omsyn til kvarandre, og viser god folkeskikk, sier Storheim.

Transport opp fjellet

Det er truleg ikkje mange som syklar heilt nedanfrå og til topps. Dei fleste treng skyss til fjells med sykkelen. I helgene i barmarkssesongen, i sommarferien og i haustferien går det bussar i skytteltrafikk til topps frå Nesbyen sentrum. Dei tek med seg syklistar og syklar. Ein må betale billett for bussturen, men bruken av løypa er gratis. Og dei som er så nøgde med opplevinga at dei vil vippse nokre kroner for opplevinga, er velkomne til det, ifølgje nettsida til HallingSpranget.

Vett og forstand på sykkelstien

1. Vær omtenksom og hyggeleg i møte med turgåarar.

2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengarar.

3. Begrens farten slik at du ikkje er til fare eller ulempe for andre, særleg langs vegar og stiar som innbyr til høg fart, eller i område med lite oversikt.

4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på ein smal sti.

5. Ikkje lag nye spor. Dersom du ikkje har ferdigheiter til å forsere ei hindring, gå av sykkelen.

6. Unngå å sykle på spesielt sårbare stiar like etter periodar med mykje nedbør.

7. Ikkje lag stien breiare ved å sykle utanom vassdammar eller hindringar.

8. Ber sykkelen gjennom myrområde, slik at det ikkje blir laga djupe spor.

9. Ikkje lås bakhjulet i bratte nedoverbakkar.

10. Dersom to syklistar møtast i ein bakke, har den som syklar oppover forkøyrsrett.

Transport opp på fjellet

-Det er nok ikkje mange som syklar heilt nedanfrå og til topps. Dei fleste treng skyss til fjells med sykkelen. I helgene i barmarkssesongen, i sommarferien og i haustferien går det bussar i skytteltrafikk til topps frå Nesbyen sentrum. Dei tek med seg syklistar og syklar. Ein må betale billett for bussturen, men bruken av løypa er gratis. Og dei som er så nøgde med opplevinga at dei vil vipse nokre kroner for opplevinga, er velkomne til det, seier turistsjefen.

HallingSpranget startar roleg oppe på fjellet.