Paragliding Hemsedal Øystein Walle på veg mot Hemsedal sentrum.

Termisk dragning mot Hemsedal

Luftstraumane som tek paragliderar til himmels, vart for vanskelege å motstå. I 2000 pakka Øystein Walle og kona, Hilde Hagen, flyttelasset og drog frå Oslo til Hemsedal.

-Me hadde hatt Hemsedal som fast helgemål i mange år. No ville me vere der på heiltid. Denne sporten var ein så stor del av livet vårt at me ville ha fasilitetane i nærleiken heile tida, seier Øystein Walle (52).

-Tidleg på 90-talet var det ikkje på Internett me fekk inspirasjonen. Det var i biletreportasjar i blad, og ved å sjå flygarar under skjerm i Hemsedal. Draumen om å flyge ned Tottenveggen var sterk. Den har eg sidan opplevd i vaken tilstand mange gonger, fortel Øystein. Dei flaut på ei bølgje av entusiastar som rundt tusenårsskiftet flytta til Hemsedal og paraglidermiljøet der.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein utbreidd sport

Øystein fortsette å flyge også etter at kona gav seg. Han vart ein slags halvproff, og reiste jorda rundt og konkurrerte i 5-6 år. Han var «flygande leiar» for landslaget i 1999-2005.

-Dette er ein heilårssport, og det kan vere pilotar frå 40 nasjonar som konkurrerer. Det blir tevla både med å flyge oppgåver til ulike punkt med ein samla distanse på 50-90 kilometer, og i å flyge så langt som mogeleg. 16. mai i år var det fire pilotar som sette ny norsk rekord frå Liagardane i Ål. Flyturen følgde ei løype som var sett opp som ein trekant, der ein måtte innom alle hjørnepunkta i Ål, Bromma og Gol. Dei var oppe i seks timar, og flaug 103 kilometer.

Langt, høgt … og langt ned

Kor høgt kan ein flyge?

-I Hallingdal og Hemsedal er et ikkje tillate å gå over 3500 meter. Eg har vore oppe i 4800 meter utanlands, men ein må passe på så ein ikkje kjem så høgt at ein får oksygenmangel. Det gjekk fint på 4800.

-Er dét at sporten kan vere farleg, noko som dreg ein inn i den?

-Me søkjer spenning, og det kan alltid finnast nokon som tek sjansar. Men me vil ikkje ha slike i klubbane våre, og dei finst sjeldnare no enn tidlegare. Det er ein katastrofe for heile miljøet vårt når nokon døyr medan dei driv sporten me er glade i. Dessutan har utstyret blitt betre og betre, og risikoen mindre.

Fleire rekordnoteringar

Tilhøva for å flyge langt og lenge er endå betre andre stader på kloden enn i Hallingdal og Hemsedal. Det blir notert rekordar også for prestasjonar nordmenn gjer i utlandet. Såleis sette Øystein ein rekord i Brasil for tre år sidan, som står enno. Han flaug i 10 timar og 22 minutt, og la bak seg 416 kilometer. Det er to og ei halv mil lenger enn luftavstanden mellom Oslo og Trondheim.

Harald Reitan

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Paragliding

Paragliding her i området går føre seg ved Hydnefossen og i Grøndalen i Hemsedal, og ved Liagardane i Ål.

Kurs i paragliding i Hemsedal blir arrangert av Oslo Paragliderklubb, og på Ål av Hallingdal Paragliderklubb, som båe er tilslutta Norges Luftsportforbund.

Eit kurs kostar rundt 11 000 kroner. Prisen inkluderer lån av utstyr, forsikring og klubbmedlemskap.

Det løner seg å vere ute i god tid med påmelding, for kursa blir fort fullteikna

Etter kurset kostar medlemskap, flylisens og forsikring rundt 3000 kroner i året.

Ein kan sidan følgje fire ulike utdanningsprogram som gir kvart sitt sertifikat; tandem, langdistanse, akrobatikk og speed. Det siste er nær bakken med ski.

Dette treng ein av utstyr: Paraglider, seletøy med reserveskjerm, hjelm, eit istrument som syner om me stig eller synk.

Nyprisen på ei startpakke er rundt 40 000 kroner. Du får bra utstyr til halve prisen i bruktmarknaden.

Over idrettsanlegget på Hallingmo i Gol. Vingen i brillene. (Selfie ved Øystein Walle)
Startområdet ved Liagardane på Ål. Cumulusskyene på himmelen syner kvar termikken lyftar opp skjermar og folk. Det går ein luftstraum opp til kvar av skyene, og ved å flyge i denne blir paraglidaren med oppover. (Foto: Øystein Walle)
Startområdet I Grøndalen. Øystein Walle på veg opp frå start. Eskil Walle fylgjer med.
Start i Grøndalen: Øystein Walle i farta.