Nortura har redusert tilgang på kyllingar, men lovar at daglegvarekundane skal få sitt.

Knapt med påskekyllingar hos Nortura

Nortura har «mista» 1,5 millionar kyllingar på grunn av få rugeegg og manglande kapasitet hos kyllingprodusentane.

Det fører til at industrikundane må belage seg på vesentleg mindre leveransar av norsk kylling dei kommande vekene, skriv Nationen.

Leveransane til daglegvarebutikkane blir ikkje råka av det er færre kyllingar i marknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein e-post til fleire av industrikundane sine, som Nationen har fått innsyn i, opplyser Nortura at lagernivåa er på eit svært lågt nivå, og det eksisterer ingen råvarereservar. All tilgjengeleg produksjonskapasitet hos kyllingprodusentane blir brukt, og det er ikkje rom for å auke produksjonen.

Nortura arbeider no med å klargjere lokale og få på plass ruge- og klekkjemaskiner i eit eige importrugeri. Den første importen av rugeegg frå Sverige er venta i påska, og daggamle kyllingar vil kunne leverast frå rugeriet nokre veker seinare.

(©NPK)