Nygard - garden langs banen

-Han ville ha eit jaktterreng som det var lettvint å kome seg til frå Oslo. Då Nygard var til sals like før Bergensbanen skulle opnast, slo han til, og kjøpte. Dette fortel Johan Wright Cappelen (58) om oldefar sin, som vart eigar her sommaren 1909.

Handelen inkluderte garden, stølen, halve Nygardsvatnet og 12.000 mål fjellterreng der det var flust med rype.

- Me dyrkar mest stein, smiler Johan, som no eig Nygard vest for Haugastøl i fjerde generasjon. Framsida på det skinninnbundne albumet frå den første tida, fortel at familien har kalla staden ‘Nygaard’. Seinare har det blitt ‘Nygård’.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

J.W.C.

Oldefar, bestefar og far til Johan heitte alle Jørgen Wright Cappelen. Dei eigde Cappelen Forlag etter tur. No er forlaget selt ut or familien, og Johan driv med noko heilt anna.

-Når ein skal forvalte og halde ved like ein slik eigedom, er det viktig at det berre er ein som har ansvaret. No er det eg. Bror min, Jørgen Wright Cappelen, har overteke annan familieeigedom, seier Johan.

Nygard like før det førre hunderårsskiftet. Gamlefjøset med utedoen til venstre. Så gamlestugu som framleis er i bruk - det ryk frå pipa. Det skrøpelege bislaget står enno, men blir om nokre år utstyrd med ei sval i staden. Nystugu er teken i bruk. Steinbua som blir brukt til ishus, står nybygd. (Kjelde: Familien Cappelen)

Høgt over havet

Johan og to ivrige irske setterar møter meg ved grinda. GPS-en fortel at tunet på Nygard, tett inn mot Hardangervidda, ligg på 1009 meter over havet.

I historisk tid, er det få stader i Norge der folk har slege seg ned og rydda gard så høgt. Akkurat her tek vinden mindre enn andre stader i nærleiken, og her får ein maksimalt ut av solvarmen. Dei sådde byggkorn her så seint som i 1875, og brukarane hadde då sju kyr og tre ungdyr, fem sauer og fem geiter. I kanten av Nygardsvatnet, like nedanfor garden, var det busetnad allereie i steinalderen. Klimaet var mildare då.

Guri og Tolleiv

Husa og stølen på Nygard vart bygde rundt 1790. Det var veglaust her, og dyra måtte opp i det saftige fjellbeitet ved stølen om somrane for å spare graset rundt garden. Det skulle bli vinterfôr. Vierkrattet og steinurdene mellom støl og gard, gjorde at dei rodde kyrne til stølen, som ligg halvannan kilometer lenger vest.

Folk som skulle over vidda til og frå Eidfjord, følgde ei rute som gjekk her. Den farlege strekningen tok menneskeliv kvart år. Ofte kom det store følgje på ski på veg aust eller vest.

For dei som var på veg vestover, var dette siste mogelegheit for overnatting før vidda. Var det styggevêr, fekk dei farande alltid tak over hovudet. Stugu var bittelita, men hjartevarmen hjå dei som ofte ufriviljug vart vertskap, var stor. Det er sagt at ein gong det bles storm, var det 30 menneske som overnatta hjå Guri og Tolleiv Sekshus, som hadde teke etternamnet Nygard.

Les også
Haugastøl i «Det store århundret»

Bergensbanen

Då Bergensbanen var under planlegging på 1890-talet, tok ingeniørane inn hjå dei. No vart det laga til ein meteorologisk stasjon med nedbørsmåling på garden. På stolpar over vidda, vart snødjupna målt tre vintrar på rad. Dette arbeidet vart gjort av Ola, sonen til Guri og Tolleiv, og svigerfar hans, Gjert Kårdal frå Aurland. Slik fann dei den beste traseen for sporet, og det var dei, som saman med ingeniør Sigurd Heber, stakk ut kor lina skulle gå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med all trafikken denne aktiviteten førde med seg, bygde Guri og sonen Ola – Tolleiv var då død - eit stort hus i to høgder som inneheldt rom til utleige for ingeniørane. Rallarane budde i brakker eller telt.

Ola var kanskje meir reinsjeger enn bonde, så han sa frå seg odelen til garden. Den 12 år gamle sonen, Torleiv Erlend fekk skøyte på han av bestemor Guri. Med verje selde han Nygardseigedomen for 15.000 kroner til forlagsbokhandlar Jørgen W. Cappelen i 1909. Sekshus-familien slo seg ned i Røyken.

Johan W. Cappelen og Nygard sett frå flaggstonghaugen i 2022. Rallarvegen går hitafor husa, jernbanelina like ovafor. Husa er, frå venstre, forpaktarbustaden, nyfjøset, den vesle gamlestugu som kunne ha 30 overnattingsgjestar, den store nystugu som vart bygd i 1900 for å kunne fungere som pensjonat for jernbanebyggjarane, ishuset der isblokkar frå Nygardsvatnet vart lagra under sagflis - no bastu. (Foto: Harald Reitan)

På skinner til Nygard

Bergensbanen vart lagt like ovanfor tunet på Nygard. Rallarvegen, som vart bygd parallelt, gjekk opprinneleg gjennom tunet. Sidan vart han lagt om, slik at han no går like nedanfor husa.

-Eitt av dei første minna eg har frå opphald her på 1960-talet, er turen etter sporet dei siste tre kilometrane frå Haugastøl stasjon, fortel dagens eigar, Johan.

-Far hadde ringd banevaktaren, så han visste når me parkerte bilen ved stasjonen. Han hadde fyrt opp i huset dagen før, og no kom han og møtte oss med ein spesiell køyredoning. Ein beintråkka dresin vart hengt på slep bakom ein som var motorisert, og så vart bagasjen og familien plassert oppå. Far måtte hjelpe til med å trø «tilhengaren», men me kom oss fint til Nygard, denne gongen og mange andre. Det er berre 20 meter frå lina og ned på tunet, så når det var snø, vart koffertane berre hivde ned skråninga. Det var verre når me skulle heim, og dei same koffertane skulle opp att gjennom djupsnøen!

Bønder frå Krødsherad og Modum har sauene sine i området om sumaren. Her er toget det einaste rovdyret. Johan W. Cappelen set pris på å ha beitedyr rundt seg. Dei held noko av vegetasjonen nede. Legg merke til skogen som har vakse opp bak husa på hundre år. Rundt 1900 var det heilt snautt der.

Gardsdrifta

Oldefar til Johan, Jørgen W. Cappelen, vart fort ein godt synleg figur i dette landskapet tidleg på 1900-talet. Han fekk god kontakt med bygdefolket, og likte å gå i hallingbunad. Han reid ofte mellom Nygard og Haugastøl stasjon. Då hadde han gjerne ein trompet i handa, som han bles på, står det i bygdeboka for Hol. På garden tilsette han forpaktar som i mange år budde der året rundt. Forpaktaren hadde eigne dyr der; kyr, hest, gris, sau og høner. Cappelen fekk bygd nytt fjøs, og bustadhus til forpaktaren. På stølen fekk han bygd fjøs med plass for 34 dyr. Sidan vart det lagt inn straum og installert mjølkemaskinanlegg der, men det var aldri så mange dyr der som fjøset var dimensjonert for.

Den nye eigaren på Nygard, Jørgen W. Cappelen, etter at han hadde fått bygd nytt fjøs og restaurert gamlestugu. Han likte å gå i hallingklede når han var her. (Kjelde: Familien Cappelen)
Den nye eigaren her ville setje seg i respekt.

I 1929 kjøpte Cappelen Bjerke Gård i Bærum. Frå då og i om lag 30 sumrar var det ungdyr frå garden i Bærum som utgjorde buskapen på Nygard. Forpaktaren budde i denne perioden på Nygard berre om sumaren. Sidan familien slutta å ha storfe på Bjerke på slutten av 50-talet, har det såleis ikkje vore dyr på Nygard, heller. Stølen vart leigd ut i nokre år til ein bonde frå Voss, og seinare til tilfeldige leigetakarar fram til sist på 90-tallet.

-Dei kom med jernbanen medan NSB framleis hadde kuvogner. Sidan vart dei køyrd hit på vegen med dyretransport, fortel Johan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den dagen eg besøker Nygard, er det mykje sau å sjå i nærleiken.

-Ja, eg er oppteken av at det skal vere beitedyr her, og prøver saman med andre eigarar å tilby sauebønder frå lenger nede i Buskerud å kome hit med dyra om sommaren. Dei som er her no, er frå Modum og Krødsherad.

-Her har me berre eitt rovdyr, og det er toget. Gjerdinga etter jernbanen er god nok for sau, men for dårleg til å halde storfe unna lina. Eg skulle gjerne hatt meir beiting rundt her.

-Hjelper beitinga mot attgroing - bilete frå 1900 syner ei skogfri li ovanfor huset?

-Ein må godta at landskapet er i forandring, men dyra hjelper i alle fall til med på å halde mykje av kulturlandskapet ved like. Beitedyr i fjellet om sommaren er ein del av den norske identiteten, og den vil eg gjerne bidra til å halde på.

Hyttebygging?

-I Hallingdalsfjella eksploderer hyttebygginga. Er Nygardseigedomen eitt av dei neste utbyggingsområda?

-Eg er stolt av denne delen av norsk natur, og meiner me brukar han med respekt. Det forventar eg at andre også gjer. Me har sju hyttetomter som har lege ferdig regulerte sidan 1983, men eg ser gjerne at dei «rette kjøparane» byggjer der. Det er plass for fleire hytter rundt Haugastøl, men dei må liggje spreidd, og eg kjem ikkje til å ta noko initiativ mot Hol kommune med tilbod om areal til meir massiv utbygging. Det må ikkje bli som på Kikut her! seier Johan W. Cappelen.

- Dette flotte området kan me godt dele med fleire, men eg vil ikkje at det skal vere heilårsveg inn til Nygard. Eg har jakthundar, og jaktar sjølv, men i valet mellom ei levande og ei daud rype, vel eg den levande! Me eig halve Nygardsvatnet, og der må eg sørgje for at mengda og storleiken på fisken blir overvaka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oldefar sitt verk - svala ved inngangen til gamlestugu.

-Kor mykje brukar de Nygard?

-Mor mi er 87, og er framleis ivrig brukar frå 1. august til 30. september, og det er folk i husa her 150 overnattingsdøgn i året. Eg sit ofte på «fjellkontoret» og arbeider. Det er godt å kjenne på den roen ein kan ha her. Vêret kan vere barskt om vinteren, men det er fint å kjenne på naturkreftene også. Husa her toler ein orkan eller to, men opphalda våre er basert på at det elektriske anlegget er i orden. Utedoen er omgjort til lagerplass, og går straumen, reiser me heim til Bærum.

Fleire tog freser forbi Nygard på veg mellom Bergen og Oslo den stunda eg er på besøk. Steinbua mellom tunet og lina var bygd som stall med høyloft over. Ho har vore berre steinbu i over 100 år. Loftet fekk Cappelen pålegg om å rive då toga begynte å gå – gneistane frå damplokomotiva kunne setje fyr på det, og såleis bli ein fare for dei andre bygningane også.

Det er ikkje gratis å halde ein slik eigedom på vidda ved like, men han er ikkje berre eit tapsprosjekt. Nygardsvatnet er regulert til kraftføremål, og i Vikaåne ved stølen er det òg eit kraftverk. Cappelen har leigd ut rettigheitene til denne vasskrafta, og den gir pengar i kassa.

Ingen skorstein, og ikkje noko gneistregn frå dette toget. Men høyløa som utgjorde andre høgda på denne steinbua like ovanfor tunet, måtte rivast då damplokomotiva kom dundrande forbi. Det kunne lett bli brann om gneistane trefte brennbart stoff.
Tunet på Nygard.